Kjartan og Knut

Bygda er for alle

Publisert av Solfrid Olmhus 03.02.2026. Sist oppdatert 03.02.2026.

KUNNGJERING:

I veke 7 er det tid for markering av Bygda er for alle i Sør-Aurdal. Vi ønskjer å setje fokus på mangfald og inkludering, og vise at kommunen vår er ein varm, trygg og inkluderande stad å bu. Dette er fjerde året markeringa Bygda er for alle blir arrangert.

Onsdag 11. februar kl. 19.00 er første arrangement, og det er ope for alle. Då kjem Siri Sunde til biblioteket på Bagn. Ho skal vere i samtale med Marianne Kolstad om historia si, som er gitt ut i bokform med tittelen Mellom kirken og kjærligheten.

Mange hugsar Siri Sunde frå slutten av 1990-talet, då ho vart permittert i stillinga si som prest i Nordre Land etter å ha inngått partnarskap med Eleanor. Korleis var det å stå i ei sak som skapte stort engasjement og debatt, både i og utanfor kyrkja? Kom og høyr Siri i samtale med Marianne om dette – og meir.

Torsdag 12. februar får mellomtrinnet og ungdomstrinnet besøk av Knut og Kjartan. Lokale Kjartan og Knut kjem for å snakke om mellom anna det å kjenne seg annleis, om kjærleik og om det å vere ein moderne kjernefamilie. Vi trur dette blir både fint og ekstra spesielt å få høyre frå ein som har vakse opp i kommunen. Vi gler oss!

Fredag 13. februar blir det ungdomsfest i Sør-Aurdalshallen. Festen er for ungdom frå 8. trinn til vidaregåande. Det blir mange ulike aktivitetar denne kvelden: boblefotball, musikk, sumobryting, Mario Kart, håndbakbord, Kahoot, brettspel, og klatreveggen er open kl. 19–21. Det blir pølser til alle kl. 21, og sal av heimelagd milkshake.

Det er gratis inngang og gratis skyss.
Avreise HEBU: kl. 18.15
Avreise SAUS: kl. 23.10

Velkomen!

Les også..

Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter ønsker å styrke bemanningen med sykepleier, vernepleier og sosionom

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker sommervikarer/tilkallingsvikarer

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
17. mai

17. mai-komiteen 2026

BEKJENTGJØRELSE: Komiteen for 2025 inviterer herved 17. mai-komiteen for 2026 ...
Hedalen stavkirke

Gudstjeneste 8. februar

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 8. februar ...
Arbeiderpartiets logo

Innkalling til årsmøte i Hedalen Arbeiderlag

BEKJENTGJØRELSE: Det innkalles med dette til årsmøte i Hedalen Arbeiderlag. ...
Spurveugle Foto: Rolf Gunnar Olsen

Uvanlig gjest ved fuglemateren

Søndag morgen fikk Rolf Gunnar Olsen en sjelden naturopplevelse rett ...