Hyttetomter i Helsenningberget

Saman om framtidsretta breiband og mobilnett

Publisert av Arne Heimestøl 04.02.2026. Sist oppdatert 03.02.2026.

LEIAREN:

Eidsiva Digital har varsla at dagens breibandsteneste til Søbekkseter vert avvikla 30. april 2026. Årsaka er at den eksisterande fiberløysinga er basert på radiosamband som har nådd kapasitetsgrensa si, og som ikkje lenger gir stabil nettfart, særleg i helger og feriar.

Også mobilmasta på Søbekkseter er knytt til radiosamband. Det inneber at mobilt breiband neppe vil vere ei fullgod erstatning for dagens faste breibandstilbod, verken når det gjeld stabilitet eller kapasitet.

Som alternativ peikar Eidsiva Digital på utbygging av ny fiberframføring frå Hedalen til delar av Søbekkseter. I første omgang omfattar prosjektet mellom anna Hellsenninglia, Svarttjernvegen og Skurveknattvegen. Ei slik løysing vil gi langt betre stabilitet og kapasitet, og er den mest framtidsretta infrastrukturen for området.

Selskapet stiller samstundes klåre vilkår for å gå vidare med utbygginga. Minst 40 av dei 53 adressene som har fått tilbod i første omgang, må bestille fiber innan 28. februar 2026. Dette svarar til ei oppslutning på 75 prosent. Dersom vilkåra vert oppfylte – og utbygging vedteken, vil dagens breibandstenester halde fram til ny fiberløysing er etablert.

Søbekkseter er eit område med mange fritidsbustader, og behovet for stabilt og føreseieleg breiband er stort. Fibertilbodet Eidsiva Digital no legg på bordet, framstår som eit svært godt alternativ til dagens løysing. Skal dette bli ein realitet, må fleire seie ja innan fristen. Vi håper difor at dei som enno sit på gjerdet, vel å bestille, slik at prosjektet kan kome i gang.

Samtidig bør teleselskapa kjenne si vitjingstid. Mobilmasta på Søbekkseter treng fiber for å kunne levere betre kapasitet enn i dag. Med fiber fram til masta vil kapasiteten i området bli vesentleg betre.

Hytter i Svarttjernvegen er med i den planlagde fibersatsinga. Vert dette området bygd ut med fiber, kan det òg leggje til rette for vidare utvikling. Avstanden er kort til Teinvassåsen, der det kan liggje til rette for etablering av ei ny mobilmast.

Ei samla satsing på fiber og mobilnett vil vere til stor nytte for både fastbuande og hyttefolket – ikkje minst med tanke på tryggleik, beredskap og framtidig bruk av området.

Les også..

Fekjær psykiatriske senter

Kokk i 60 % stilling – i perioder 100 %

ANNONSE: Kjøkkenet ved Fekjær psykiatriske senter lager mat til ca. ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter ønsker å styrke bemanningen med sykepleier, vernepleier og sosionom

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker sommervikarer/tilkallingsvikarer

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Kjartan og Knut

Bygda er for alle

KUNNGJERING: I veke 7 er det tid for markering av ...
17. mai

17. mai-komiteen 2026

BEKJENTGJØRELSE: Komiteen for 2025 inviterer herved 17. mai-komiteen for 2026 ...
Hedalen stavkirke

Gudstjeneste 8. februar

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 8. februar ...