Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 4
I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 går cand. philol. Harald Dokkehaug grundig inn i kva stadnamn og arkeologiske funn kan seie om den eldste busetnaden i Hedalen. Han slår fast at direkte historiske kjelder manglar for dei tidlegaste periodane, og at stadnamna derfor er den viktigaste nøkkelen til å forstå bygda si eldste historie. Denne delen av historia handlar om dei eldste, skriftlege kjeldene.
Stadnamna som hovudkjelde
Dokkehaug meiner at stadnamna fram til slutten av mellomalderen er den einaste samanhengande kjelda vi har til kunnskap om busetnaden i Hedalen. Ut frå desse meiner han at bygda har hatt ei jamn utvikling frå folkevandringstida, gjennom vikingtida og vidare inn i seinmellomalderen.
Ifølgje Dokkehaug førte Svartedauden (1349–1350) til ein tydeleg nedgang i folketalet, og fleire gardar kan ha lege øyde i lengre periodar. Han peikar mellom anna på Fløstad som ein slik gard. Samstundes meiner han at det ikkje var tale om noko reelt brot i busetnaden.
Avviser segner om øydelegging og gjenoppdaging
Dokkehaug avviser segner som fortel at Hedalen låg heilt øyde i lange tider, før bygda vart «attfunnen» av ein skyttar som trefte kyrkjeklokkene med pila si. Slike forteljingar meiner han er seinare diktingar, som også finst i mange andre bygder.
Etter hans vurdering viser stadnamna klart at Hedalen aldri har vore heilt avfolka etter den første busetnaden. Tvert imot meiner han at bygda har halde oppe ein ubroten tradisjon gjennom heile seinmellomalderen, trass i pest og vanskar.
Kyrkjebygging som teikn på velstand
Dokkehaug peikar på kyrkja i Hedalen som eit viktig bevis på at bygda ikkje har vore fattig. Han viser til det omfattande arbeidet som er lagt ned i stavkyrkja, særleg den rikt utskorne portalen i tidleg drakestil.
Han daterer kyrkja til perioden mellom 1130 og 1180, og meiner ho truleg er den eldste stavkyrkja i Valdres. Også det bevarte inventaret frå tida kring år 1200 tolkar han som uttrykk for høg kunstsans og kulturell medvit i bygda.
(Her legg vi til at faglege undersøkingar (f.eks. årringdatering) viser at tømmeret i kyrkja vart hogge vinterstid 1161–1163.)
Det eldste skrivne minnet frå Hedalen
Ifølgje Dokkehaug finst det éi runeinnskrift på ei kysseplate av tre som framleis er bevart i kyrkja. Innskrifta er skriven med yngre runer og blir av han datert til rundt år 1200.

Sjølv om innskrifta ikkje gir mykje konkret informasjon om gardshistoria, meiner Dokkehaug at ho er viktig som det eldste skrivne vitnemålet frå bygda. Han legg til grunn at kysseplata truleg er laga lokalt, sidan ein på denne tida sjeldan førte inn meir kyrkjeinventar enn det som var heilt naudsynt.
Sjeldan nemnd i dei historiske kjeldene
Dokkehaug peikar på at Hedalen, og Valdres generelt, sjeldan er nemnd i eldre historiske kjelder. Han viser mellom anna til historikaren P. A. Munch, som skildrar Valdres som ei avsidesliggjande bygd som berre sporadisk dukkar opp i historia, oftast i samband med ferdsle mellom Austlandet og Vestlandet.
Den første kjende skriftlege nemninga av Hedalen finn Dokkehaug i rekneskaps- og dagbøkene til ein paveleg utsending som kravde inn tiende i åra 1282–1334. I 1327 blir «kjørkja i Hedalen» nemnd, utan ytterlegare opplysningar.
Diplom frå 1400-talet gir nye spor
Ifølgje Dokkehaug finst det deretter ingen kjelder før i 1460, då eit diplom omtalar sal av fleire gardar. Han tolkar dokumentet som at gardane Tollefsruth, Brunnebakke, Flotstoden og Rekoholsen var omfatta av salet.
Flotstoden meiner han stemmer med namnet Flåtåstøa nedanfor Storruste, og her trur han vi er på sporet av namnet på ein gammal gard som har lege der Storruste ligg i dag. Stadnamn langs den gamle ferdselsvegen mellom Vestlandet og Vika tolkar han som spor etter tidleg busetnad og viktige knutepunkt.
Denne artikkelserien byggjer på eit serprent av Tidsskrift for Valdres Historielag frå 1942. Tittelen er Litt om busetnaden og stadnamna i Hedalen. Teksten i serprentet er henta frå den handskrivne hovudoppgåva Harald Dokkeaug leverte i 1941. Hedalen.no har omarbeidd teksten til ein artikkel med deloverskrifter.

























