Monopol, millioninvesteringar og manglande sjølvkost
LEIAREN:
Kommunestyret i Sør-Aurdal vedtok i budsjettmøtet torsdag 11. desember å auke gebyra for vatn og avløp med fem prosent frå 2025 til 2026. Vedtaket kom etter ein frisk debatt, der fleirtalet gjekk lenger enn administrasjonen sitt opphavlege forslag.
I økonomiplanen for 2026–2029 har kommunestyret vedteke sjølvkostfinansierte investeringar i vatn og avløp på over 13 millionar kroner. Samtidig går det fram av kommunale dokument at gebyra i realiteten måtte ha vore dobla for å oppnå full kostnadsdekning, slik investeringsplanane no ligg føre.
Dersom ein slik gebyrauke vert gjennomført, vil det særleg råke husstandar med mange personar og abonnentar som lever på éi inntekt. Det er nemleg nær samanheng mellom kor mange som bur i ein husstand, og kor mykje vatn som renn gjennom vassmålaren i løpet av eit år.
Kommunalt vatn og avløp er ei rein monopolteneste. Dei 423 abonnentane må betale dei satsane kommunen fastset. Investeringar i trygt drikkevatn og fungerande avløp er nødvendige, men dei bind også kommunen til ei utvikling der rekninga venteleg hamnar hos abonnentane.
Difor er det avgjerande at både grunnlaget for gebyra og prioriteringane i investeringar og drift toler full openheit og kritisk gjennomgang.
Kontrollutvalet bør difor sjå nærare på saka. Kontrollutvalet er kommunestyret sitt eige kontrollorgan, med ansvar for å føre tilsyn med forvaltninga på vegner av innbyggjarane. Utvalet skal sjå til at kommunen driv i tråd med lover, reglar og politiske vedtak, og at ressursane vert nytta på ein forsvarleg måte.
Når VA-gebyra er blant dei høgaste i landet, samstundes som kommunen ikkje har nådd full dekning av sjølvkost, er dette eit klassisk døme på ei sak som fortener slik kontroll.
Vatn og avløp er grunnleggjande tenester. Nettopp difor må tilliten vere høg. Då held det ikkje å vise til framtidige planar og nødvendige investeringar. Abonnentane har krav på å vite kvifor dei betaler så mykje – og kva dei kan vente seg i åra som kjem. Dei fortener ein uhilda gjennomgang av kva som høyrer heime i sjølvkostrekneskapen for vatn og avløp, og kva som ikkje gjer det.

























