Hedalen kirkesogn

Stadnamn i Hedalen

Publisert av Arne Heimestøl 18.10.2025. Sist oppdatert 18.10.2025.

I ein serie artiklar vil Hedalen.no setje søkjelys på nokre stadnamn i Hedalen. Vi vil, der det er råd, prøve å finne opphav til kartnamna som er i bruk i dag. Prosjektet er avgrensa til nokre namn i Hedalen kyrkjesokn (sjå grensene på kartet ovanfor).

Stadnamnlova seier at stadnamn er ein del av kulturarven vår. Vi skal ta vare på dei, bruke dei og skrive dei i tråd med gjeldande rettskriving. Samstundes må vi respektere lokal uttale og tradisjon.

§ 2 i stadnamnlova: «Med stadnamn meiner ein namn på geografiske lokalitetar som kan kartfestast, og som er eller har vore i levande bruk.»

Dette omfattar mellom anna:

  • Naturnamn: fjell, elvar og innsjøar
  • Busetjingsnamn: gardar, bygder, tettstader og byar
  • Kommunale og administrative namn: kommune- og fylkesnamn
  • Samferdsels- og eigedomsnamn: gater, plassar, parkar og offentlege bygg

Kva reknar vi ikkje som stadnamn?

Lova omfattar ikkje alle namn. Ho gjeld for eksempel ikkje for hotell, sjukehus og kjøpesenter. Det same gjeld namn på organisasjonar, lag og foreiningar og på produkt og merkevarer.

Kven avgjer skrivemåten?

Kommunen

  • Fastset skrivemåten av:
    • gater og vegar
    • plassar
    • bygningar, parkar og andre kommunale anlegg
  • Kan reise namnesaker på sitt område.

Kartverket

  • Fastset skrivemåten av:
    • gards- og bruksnamn
    • naturnamn (fjell, vatn, elvar, innsjøar osv.)
    • andre namneobjekt der lova gir dei mynde
  • Har det sentrale stadnamnregisteret (SSR).

Departementet

  • Fastset skrivemåten av:
    • namn på kommunar
    • namn på fylke

Språkrådet

  • Stadnamnteneste for norske og kvenske stadnamn.
  • Gir rettleiing og tilrådingar til vedtaksorgan.
  • Sikrar at skrivemåten følgjer rettskriving og tek vare på kulturarven.

Sametinget

  • Stadnamnteneste for samiske stadnamn.
  • Same rolle som Språkrådet, men med ansvar for samisk språk og tradisjon.

Les også..

Salto logo

Grøtfest

BEKJENTGJØRELSE: Felles for begge gruppene på Kroken torsdag 11. des. ...
Reinli barnehage. Foto: privat

Betydelige utfordringer for barnehagene

Ifølge Økonomiplan 2026-2029 og budsjett 2026, som kommunestyret skal behandle ...
Fesjidalen

Dalen uten kartnavn

På Norgeskart finner vi i dag navnet Fesjidalsvegen. Dette navnet ...
Rolf Gunnar Olsen, Bjørg Berg og Erik Råheim. Foto: Granheim

Seniorsvømming – et populært tilbud i Sør-Aurdalshallen

Eldrerådets seniorsvømmetilbud på fredager har blitt et svært populært tiltak. ...

Foreslår 3,5 promille for boliger og 7 promille for næring og kraft

Sør-Aurdal er i ferd med å spikre eiendomsskatten for 2026, ...

Adventssamling

Foreningen Hedalsheimens venner hadde sist søndag invitert alle beboerne ved ...