Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

På tide å setje foten ned

Publisert av Arne Heimestøl 17.07.2025. Sist oppdatert 15.07.2025.

LEIAREN: Kor høg gjeld tåler eigentleg Sør-Aurdal kommune? Det var spørsmålet vi stilte sist onsdag – og det fortener framleis eit tydeleg svar.

I privatøkonomien er dette sjølvsagt. Ein tek ikkje opp meir lån enn ein har råd til å betale tilbake. I kommuneøkonomien burde det vere minst like innlysande.

Økonomisjefen har peikt på behovet for å nå dei vedtekne handlingsreglane. Det er vi heilt einige i. Éin av dei viktigaste reglane handlar om kor stor gjeld kommunen kan ha.

Netto lånegjeld utgjer no 69 % av brutto driftsinntekter, inkludert interkommunale selskap. Grensa er sett til 75 %. Det betyr at det ikkje skal mykje til før vi trår over – med varige konsekvensar.

Samtidig planlegg kommunen fleire store investeringar. Alle er både ønskte og nødvendige. Men vi må tore å stille spørsmålet: Har vi faktisk råd?

Dersom alle planlagde prosjekt blir gjennomførte i løpet av denne økonomiplanperioden, vil grensa på 75 % bli grundig broten. Følgjene vil heilt sikkert merkast i dei lovpålagde tenestene – dei tenestene innbyggjarane er avhengige av kvar dag.

Alt no ser vi effektane av presset i økonomien. Frå 1. august vert sektoren for oppvekst og kultur redusert med 10 årsverk. Samstundes har eit samrøystes kommunestyre bede administrasjonen finne innsparingar på minst 5,5 millionar kroner i sektoren helse og omsorg – innan utgangen av budsjettåret 2025.

Dei siste tiltaka kjem ikkje for å skape rom for ny vekst. Dei kjem for å unngå at kommunen brukar meir enn han tener.

Difor foreslår vi ein ny og strengare handlingsregel: Kommunen skal ikkje ta opp meir lån i året enn det han faktisk betaler ned i avdrag.

I tillegg meiner vi at disposisjonsfondet – så lenge det er tilstrekkeleg – kan og bør nyttast til investeringar. Det er betre enn å auke gjelda.

Dette vil ikkje vere populært i alle leirar. Nokre investeringar må setjast på vent. Men det er prisen for å halde økonomien i balanse – og for å sikre at vi òg i framtida har råd til gode, nødvendige og lovpålagde tenester.

Kva slags kommune vil vi vere? Ein som investerer utan grenser – eller ein som tek ansvar medan vi framleis kan?

Les også..

Hedalen kulturfestival 2025

Hedalen Kulturfestival 2025

BEKJENTGJØRELSE: 1.–3. august går Hedalen Kulturfestival igjen av stabelen. Festivalen ...

Folkemusikk og dans på Bautahaugen

Fredag 18. juli arrangerte Valdresmusea eit folkemusikkprogram med spel og ...
Hedalen kulturfestival 2025

«Memento Mor di» med Åsgårdsreia teaterlag

KUNNGJERING: Det er no sett opp ei ekstra framsyning av ...
Vannverket i Hedalen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Overskred fluorgrensene i mange år – slipper påtale

Politimesteren i Innlandet har gitt påtaleunnlatelse etter svikt i drikkevannsleveranse ...

Utvekster på trær blir gull for håndverkere

I norske skoger vokser det noe som ved første øyekast ...
Karding og spinning

Fokus på karding og spinning

Lørdag 19. juli sto spinning på rokk i sentrum på ...