Arne Heimestøl

Først i ValdresLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 15.06.2020. Sist oppdatert 15.06.2020.

Ein lesar gjorde oss sist veke merksam på at det er tre ledige stillingar frå 1. augst 2020 ved Hedalen barne- og ungdomsskole. Søknadsfristen til stillingane er 21. juni. Hedalen.no laga eit eige oppslag om saka med lenkje til stillingsomtalen på NAV sine sider.

Folketalet i Sør-Aurdal går, som i store delar av Innlandet, ned. Det er ikkje bra. At arbeidsløysa har gått kraftig ned den siste tida i kommunen vår, er det grunn til å gle seg over, og likeeins er det svært positivt at kommunen har fleire ledige stillingar i skolen.

Det vi stussar over, er at nemnde stillingsutlysingar kjem så seint.
I tilstandsrapporten for grunnskole 2019 les vi at kommunen ikkje har lukkast med å få lærarar med godkjent utdanning i alle undervisningsstillingane.

Det vi veit, er at det er konkurranse om å få tak i kompetent arbeidskraft i skulesektoren.

Vi har mykje å vere stolte av i kommunen vår, og det bør ein bruke når ein freistar å rekruttere nye medarbeidarar. Det kan bety at ein sikrar arbeid for nokon som alt bur i kommunen, eller at ein prøver å få fleire til å busetje seg i Sør-Aurdal. Skal ein lukkast med dette, må ein møte opp seinast når konkurransen om arbeidskraft startar.

Sør-Aurdal kommune bør ha som mål å vere først i Valdres. Alle gode krefter bør samarbeide slik at ein kan tilsetje personer med relevant og godkjent utdanning i ledige stillingar ved alle skolane våre.

Er dette ei sak bulystprosjektet kan ta tak i?

Les også..

Hedalen stavkirke

Kveldsmesse

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til kveldsmesse i Hedalen stavkirke søndag 9. november ...
Kviss

Dialektprøve

Hvor godt kjenner du hedalsdialekten? Dialektprøve 2 1 / 10 ...
Uføretrygd

Færre unge uføre menn i Innlandet

Nav Innlandet ser en mulig positiv trend – men fylket ...
Hedalen ungdomslag

Bygdekino torsdag 6. november

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen Ungdomslag inviterer liten og stor til bygdekino på ...
Løypekjøringa starter gjerne tidlig på morgenen.

Årsmøte i Hedalen løypelag

BEKJENTGJØRELSE: Årsmøtet er berammet til søndag 30. november kl. 16 ...
HIL-logo

Torsdagstrimmen

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen IL inviterer alle til torsdagstrim på Hedalen barne- ...