Penger

Ei krone kan ikkje brukast meir enn éin gongLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 10.05.2020. Sist oppdatert 10.05.2020.

Årsrekneskapen for Sør-Aurdal kommune er gjort opp med eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 5 761 886,-. Netto driftsresultat for 2019 blei på kr 9 244 795,-. Det utgjer 2,8 % av brutto driftsinntekter.

Dette er, dersom ein tek omsyn til kriterium for sunn kommuneøkonomi kommunestyret i Sør-Aurdal har vedteke, godt nytt.

Netto driftsresultat vart på 2,8 % av brutto driftsinntekter – vel eit prosentpoeng betre enn minimumsmåltalet, disposisjonsfondet vil vere på 40,8 millioner kroner om kommunestyret vedtek å overføre mindreforbruket til til dette fondet, og lånegjelda vil vere på 70,9 % av driftsinntektene (vedtak: maks 75 %).

Så veit vi at utsiktene for økonimiplanperioden ikkje er er spesielt gode. Lånegjelda vil stige til over 90 % av driftsinntektene (vedteken grense er
75 %), og driftsresultatet som er budsjettert, er nær 0 kroner kvart år i åra som kjem. Disposisjonsfondet, som kommunestyret fritt kan disponere, kan vere godt å ha.

I siste formannskapsmøte undra Svein Erik Wold (Sp) seg over at det økonomiske resultatat vart betre enn budsjettet, og han sa dersom kommunestyret hadde visst dette, kunne dei ha hatt meir pengar å bruke, for eksempel til Skaperkraft Valdres og støtte til Røde Kors i Bagn som har skaffa seg hus.

Vi ser annleis på dette spørsmålet. Dei 10 siste åra har det vore gjennomført fleire driftstilpasningsprosessar. I dei lovpålage oppgåvene er det i fleire sektorar skrapa til beinet. Det vil derfor vere umusikalsk om kommunestyret no kvitterer med å bruke mindreforbruket i strid med tidlegare vedtak.

Formannskapet meinte at driftsoverskotet skal setjast av til disposisjonsfondet. Det er, i den usikre tid vi no er inne i, svært fornuftig. Vi håper kommunestyret følgjer opp dette vedtaket.

Er det sektorar som bør få meir i tida som kjem, bør slike vedtak vere tufta på grundige utgreiingar og ikkje på benkeforslag frå kommunestyre-representantar som brått har fått meir pengar dei gjerne vil dele ut til ulike formål. Ei krone kan ikkje brukast meir enn éin gong.

Les også..

Uføretrygd

Bare svak økning i antall uføre i Innlandet

Innlandet er fortsatt fylket med høyest andel uføretrygdede i aldersgruppen ...
Logoen til Bautahaugens Venner

Sommerutstilling på Bautahaugen 2025BEKJENTGJØRELSE 

Årets sommerutstilling har SAU som tema. Vi ønsker oss innspill ...

Vårkonsert på Hedalen bo- og servicesenter

Hedalen sangkor fylte stuene på Hedalsheimen med vakker sang søndag ...
Siste dans

Kurve inviterer til konsertarKUNNGJERING 

For 18 år sidan hadde han ein visjon om å ...
Sør-Aurdalsheimen

Slik fungerer omsorgstrappa i Sør-Aurdal: Hjelp trinn for trinn

I Sør-Aurdal kommune er helse- og omsorgstjenestene organisert etter prinsippet ...
Hedalen helselag ny logo

YogakursBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen helselag er medarrangør av et tre-timers yogakurs 15. juni. ...