Tingvoll. Foto: Arne Heimestøl

Kor mykje gjeld toler kommunen å ha?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 13.05.2024. Sist oppdatert 12.05.2024.

Ved årsskiftet 2023/2024 hadde Sør-Aurdal kommune 240,6 millionar kr i langsiktig gjeld. Lånegjelda per innbyggar var på 84 858 kr.

Kommunens totale driftsinntekter var på 399,819 millioner kr i 2023. Kommunestyret har vedteke at netto lånegjeld i prosent av driftsinntektene ikkje skal vere høgare enn 75 %.

Det er to måtar å rekne ut dette måltallet på. Den første tek kun omsyn til kommunen si eiga gjeld. Den andre inkluderer kommunen sin del av gjelda til interkommunale selskap. Tala vi finn i årsrekneskapen for 2023, er godt under måltalet på 75 %: 58 % og 67 %.

Vi meiner likevel det er grunn til bekymring. Store investeringar ventar i åra som kjem. Kva ny ungdomsskole i Bagn vil koste, veit vi ikkje enno. Derimot veit vi at det skal byggjast beredskapssenter i Bagn og brannstasjon i Hedalen. Det ser ut til å bli eit kommunalt ansvar. Barnehage nord i kommunen er ei anna stor utfordring.

Det vi kan slå fast, er at disposisjonsfondet til kommunen ved nyttår var på 47 millionar kr. 5 millionar av fondet er sett av til opprustingsarbeidet på Hedalen barne- og ungdomsskole. Her må ein rekne med om lag 25 millionar kr i lån.

Lånegjelda til kommunen vil auke. Gjelda skal betalast ned med både renter og avdrag. Sjølv om gjelda i 2022 og 2023 var ganske lik, auka rentene frå det eine året til det andre med fem millionar kr.

Viss rentenivået held seg høgare enn før i fleire år, og gjelda aukar, vil ein måtte setje av meir pengar til det. Dette kan få betydelege konsekvensar for tenestene kommunen skal yte.

Vi meiner derfor det er fornuftig å ta ein grundig gjennomgang av alle investeringsplanar. Administrasjonen og dei folkevalde må vite kva for konsekvensar auka gjeld kan få.

Les også..

Iren Reppen gjester Hedalen med hyllest til Terje Nilsen

Hedalen Kulturforum inviterer til høstkonsert på Nordre Hedalen forsamlingshus lørdag ...
Svømmehallen i Bagn

Seniorsvømming høsten 2025

Fredag 29. august starter seniorsvømminga opp igjen i Sør-Aurdalshallen. Hver ...

Barnedåp – Ulrik

Søndag 24. august ble Ulrik døpt i Hedalen stavkirke. Bildene ...

Barnedåp – Martin

Søndag 24. august ble Martin døpt i Hedalen stavkirke. Bildene ...

Barnedåp – Eivor

Søndag 24. august ble Eivor døpt i Hedalen stavkirke. Bildene ...
Ny logo historielaget

Sør-Aurdal Historielag inviterer til tur fredag 5. september 2025

KUNNGJERING: Turen går til vakre Vang med besøk til bl.a. ...