Kor

Konsertar med koret OFFbeat frå Nord-Tyskland

Publisert av Jan Henrik Bakke 03.05.2024. Sist oppdatert 02.05.2024.

OFFbeat er eit kor frå Schleswig i Tyskland, nærare bestemt frå byen Rendsburg ved Kiel-kanalen. I fleire hundre år låg hertugdømma Schleswig-Holstein under Danmark, og Rendsburg var dansk garnisonsby. Christkirche, som stod ferdig i 1700, kunne romme 2 000 soldatar til gudstenste.
No er kyrkja også konsertarena under den årlege Pop & Gospelfestivalen kvar haust.

I 2019 var Sør-Aurdalkoret og Vestre Slidre sanglag gjestekor under festivalen. Då framførte 230 songarar frå 10 kor og ensemble sine program i ei fullsett kyrkje. Stor stemning og stor stas!
Utan at vi visste om det, hadde vertane lagt ut norske papirflagg i kyrkjebenkane, og vi vart både rørte og overraska då vi såg raudt, kvitt og blått overalt i kyrkjerommet etter vårt program.

Primus motor for festivalen er Birthe Ley-Thörning, organist og dirigent for koret OFFbeat. Dei har drygt 50 medlemar. I 2020 og 2021 sette korona-restriksjonar ein stoppar for festivalen, men i 2022 kom arrangementet på plass att, og i 2023 vart festivalen arrangert for 23. gong.

No er det vår tur til å vere vertar for OFFbeat, som kjem på gjenvisitt til Noreg med 38 songarar. Songarane bur dels privat hos songarvener, dels på hotell.

Vi byr på to gratiskonsertar saman med dei tyske gjestene våre:

  • Begnadalen kyrkje, helgetorsdag 9. mai kl. 17, med Hedalen sangkor som gjestekor.
  • Slidredomen fredag 10. mai kl. 17.

Kjem du på konsert, får du høyre eit svært variert program, framført i dei to beste konsertkyrkjene i Valdres. Dette må du få med deg! Velkomen skal du vere!

Les også..

Uføretrygd

Bare svak økning i antall uføre i Innlandet

Innlandet er fortsatt fylket med høyest andel uføretrygdede i aldersgruppen ...
Logoen til Bautahaugens Venner

Sommerutstilling på Bautahaugen 2025BEKJENTGJØRELSE 

Årets sommerutstilling har SAU som tema. Vi ønsker oss innspill ...

Vårkonsert på Hedalen bo- og servicesenter

Hedalen sangkor fylte stuene på Hedalsheimen med vakker sang søndag ...
Siste dans

Kurve inviterer til konsertarKUNNGJERING 

For 18 år sidan hadde han ein visjon om å ...
Sør-Aurdalsheimen

Slik fungerer omsorgstrappa i Sør-Aurdal: Hjelp trinn for trinn

I Sør-Aurdal kommune er helse- og omsorgstjenestene organisert etter prinsippet ...
Hedalen helselag ny logo

YogakursBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen helselag er medarrangør av et tre-timers yogakurs 15. juni. ...