Haldor Ødegård. Foto: privat

Lova om interkommunale selskap er endra

Publisert av Arne Heimestøl 09.11.2023. Sist oppdatert 08.11.2023.

Onsdag 8. november var det kalla inn til representantskapsmøte i Valdres brann- og redningsteneste. Mellom anna skulle ein ta stilling til budsjett- og økonomiplan for 2024–2027.

Då Hedalen.no måndag denne veka sjekka innkallinga, fann vi kun dette dokumentet på 1 1/2 side. Her les vi mellom anna at driftsbudsjettet er foreslått auka med 19 % frå 2023 til 2024.

Med bakgrunn i dette tok vi kontakt med leiaren i representantskapet, Haldor Ødegård, og stilte han desse spørsmåla:

  1. Innkallinga består av eit pdf-dokument på knapt to sider. Vi finn ikkje forslag til økonomiplan for 2024–2027. Skulle denne ha vore lagt ved innkallinga?
  2. Kva for reglar gjeld for publisering av møtedokument som har med IKS å gjere?
  3. Det er sett av 1 ½ time til representantskapsmøtet. Er dette tilstrekkelig med tid til å sikre forsvarleg saksbehandling?

Ødegård svarar

«Etter nyleg vedteken lov for interkommunale selskap skal interkommunale selskapa frå 1.1.2024 gjere saksdokument til representantskapsmøta offentleg tilgjengeleg. VBR IKS er i ferd med å implementere dette lovkravet, slik at alle saksdokument til rep.skapsmøta blir gjort offentleg tilgjengeleg. Med bakgrunn i ditt spørsmål, har selskapet no lagd ut saksdokumenta,  også til rep.skapsmøte no i november, ut på nettsida til selskapet. Så takk for spørsmålet ditt. Dette vil bli praksisen framover.

Det blir også drøfta å legge IKS-møte på møteportalen til kvar eigarkommune. Det kjem vi attende til.

Vi har erfaringsmessig brukt omlag 1,5 time på møta i rep.skapet for VBR IKS. Er det særlege saker som vi trur treng lengre tid for å bli handsama, set vi av meir tid i vedkomande møte.

Skulle det vise seg at vi treng meir enn 1,5 time til rep.skapsmøtet denne gongen, kan vi tilpasse det ved å skyve noko på dei andre rep.skapsmøta som kjem etterpå, og knappe inn på lunsjpausen. Av omsyn til at det er mange sentrale personar som deltek på IKS-representantskapsmøte, prøver vi å samordne fleire  møte i IKS-selskapa våre på same dag.»

Les også..

Emma

Barnedåp

Emma ble døpt i Hedalen stavkirke søndag 19. oktober. Her ...

Barnedåp

Eirik ble døpt i Hedalen stavkirke søndag 19. oktober.
Årbok for Valdres

Ny årbok frå Valdres Historielag: Utvandring og migrasjon i fokus

I ei pressemelding frå Valdres Historielag les vi at Årbok ...
Vaksinering

Tryggere vinter med vaksine – dette anbefaler FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at eldre og personer i risikogrupper tar ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker til nyopprettede stillinger sykepleier, sosionom og helsefagarbeider

STILLINGSANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
HIL-logo

HØSTDUGNAD lørdag 25. oktober kl. 12.00

BEKJENTGJØRELSE: Vi rydder bort sommeren og gjør oss klar for ...