Framtidsfullmakt
Demens og annan alvorleg sjukdom kan gjere at du ein gang i framtida treng hjelp. Dersom du opprettar ei framtidsfullmakt, kan du bestemme at nokon du stolar på, skal ta vare på interessene dine den dagen du ikkje klarer det sjølv.
Verjemålslova definerer framtidsfullmakt slik:
«En framtidsfullmakt er en fullmakt til én eller flere personer om å representere fullmaktsgivaren etter at fullmaktsgivaren på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred ikke lenger er i stand til å ivareta interessene sine innen de områda som omfattes av fullmakten.»
Statsforvaltaren har laga ei informasjonsside om temaet. På denne sida finn du grundig og god informasjon om korleis du opprettar ei framtidsfullmakt, og du finn også eksempel på kva ei slik fullmakt kan innehalde.