Putti Plutti Pott

Kulturmidlar for 2023

Publisert av Arne Heimestøl 07.03.2023. Sist oppdatert 07.03.2023.

Torsdag 9.3. skal formannskapen behandle rammefordeling av kulturmidlar for 2023. Retningslinjene for tildeling av kulturmidlar finn vi i kulturplanen for Sør-Aurdal kommunen. Denne planen vart vedteken av kommunestyret i 2015.

Mål

Målet med kulturmidlar er at frivillige lag og foreiningar i kommunen får føreseielege utviklingskår for drifta gjennom årlege tilskott frå kulturmidlane.

Søknadsfristar

Søknadsfristen for støtte til drift av lokale lag og foreiningar er 1. april. For tilskott til kulturformål/arrangement er det to søknadsfristar: 1. mai og 1. november.

Kriterium for støtte

  1. Alle lag og foreiningar som driv med frivillig kulturarbeid i Sør-Aurdal kommune kan få tildelt kulturmidlar.
  2. Bygdehus/grendehus som blir nytta til allmenne formål, kan få støtte.
  3. Lag og foreiningar må dokumentere at dei har aktivitet.
  4. Aktivitet, økonomi, medlemstal og alder på medlemmane blir tillagt vekt.
  5. Barne- og ungdomsarbeid blir prioritert ved fordeling av kulturmidlane.
  6. Lokale lag i Sør-Aurdal blir prioriterte.
  7. Regionale og nasjonale lag og organisasjonar kan få støtte dersom dei har aktivitet i Sør-Aurdal tilsvarande eit lokallag.

Kriterium for prioritering

  1. Barn og unge er prioritert målgruppe.
  2. Frivillige lag og foreiningar i Sør-Aurdal blir prioriterte.
  3. Kulturformål/arrangement i nærmiljøa i Sør-Aurdal blir prioriterte.

To kategoriar

Kulturmidlane er delt inn i to kategoriar:

  1. Tilskott til drift av frivillige lag og foreiningar.
  2. Tilskott til kulturformål/arrangement.

Ramme

Ramma for kulturmidlar til lag og foreiningar er i 2023 på 523 000 kr.

Forslag til vedtak

Saksbehandlaren forslår at formannskapen vel tre representantar som får mynde til å vedta hovudfordeling av kulturmidlane til drift av frivillige lag og foreiningar for 2023. Søknader om tilskott til kulturformål/arrangement blir behandla administrativt.

Les også..

Foto: Arne G. Perlestenbakkenv

Barnedåp

Søndag 24.11. ble Gyda døpt i Hedalen stavkirke. Foto: Arne ...
Årbok for Valdres

Årbok for Valdres historielag

Valdres Historielag er kommet med sin tradisjonelle årbok. Nå i ...
Hedalen helselag

Gå med oss 27.11.BEKJENTGJØRELSE 

Onsdag 27.11. møtes vi ved N. Lokalet kl. 11.00.
Idrettsprisen og kulturprisen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Glimt fra kulturkvelden

Sist fredag fikk Bautahaugens Venner Sør-Aurdal kommunes kulturpris for 2024. ...
Melodden

Reisebrev fra onkel reisende Mac

Hedalen. Et sted blant mektige fjell og dype daler. Hvor ...
Salto logo

Velkommen!BEKJENTGJØRELSE 

Salto på Kroken / i grillhytta torsdag 28. nov kl. ...