Kjellaug Kjensrud

Jul for vel 70 år sea

Publisert av Kjellaug Kjensrud 24.12.2022. Sist oppdatert 20.12.2022.

Eg var 6 år gamal og stor nok til å gå den 300 meter lange vegen til butikken på Øylo åleine.  

I den raude ranselen låg 10 krone-setelen, som skulle bli til gåver åt heile familien. Far fekk søt skrå, ”Papop” ein snusask, mor fekk tre lommetørklo og ein kam. Enda hadde eg att til ein 50 øres Lohengrin-sjokolade, det beste eg visste. Den vara heilt til eg kom heim att.  

Der hadde bestefar kome, med den tradisjonelle gåva: Julehefta Vangsgutane, Smørbukk og Tuss og troll. Sjølsagt måtte han få kaffe og Hardanger-lompe før han rusla oppatt bakkane i Lundebygda. Han hadde og invitert oss til juleselskap 1. dag jul.

Julehefter

Juleftan

Dersom verdraget var rett, gjekk vi nordom låven kl. 13.00 for å høyre klukkene i Bagn kyrkje ringe jula inn. 

Som dei fleste andre, hadde vi kyr på båsen, og sauer i bingen som skulle ha mat og stell denne dagen som alle andre dagar. Skikken var at dei skulle ha lite ekstra juleftan, og det fekk eg vara med og gje dei, gjerne lite mjøl eller ein neve salt. 

Eg hugser ikkje så mykje om maten vår, det betydde kanskje lite for meg den gongen. Men eg veit at vi hadde rakafisk til meddags, aure frå eigen produksjon. Rakafiskkrukka var brun og glasert og stod på jordgolvet i kjellaren.  I hylla ved sida stod smørkrukka, med det gule og fine setersmøret. Lefse og potet høyrde med, då som nå.

Til supmat hadde vi mjølkegryn. (Ein tradisjon som lever i dag med, for det fekk vi i førejulgjestebø i Haugen nå i 2009).

Noko som var veldig rart, var at far alder fekk sjå julenissen – han måtte støtt til fjøset akkurat når nissen kom. Det forundra meg i mange år.

Om gåvene eg ga bort, var alder så fine, så fekk eg nok den gjevaste gåva sjøl: ei dokke. Ho var laga av celluloid, og var både større og finare enn alle eg hadde sett før. Dokka vart høgtideleg ”døypt” og fekk namnet Åse

Det var ein spesiell grunn til at eg fekk så fin gåve denne jula. Eg hadde om hausten vore og teke mandlane på ”Det katolske sjukehuset” i Hønefoss. Dit kunne vi ha med ei dokke eller anna leike. Eg hadde berre ei filledokke, så eg fekk låne ei finare dokke av kusina mi.

På ein sykkeltur til Bagn seinare på hausten hadde far fått sjå ei særs fin dokke utstilt i glaset på Samvirkelaget. Denne skulle Kjellaug ha, tenkte han, ”køste ko det køste vil”. Ho kosta 60 kroner. Dette var så mykje penger at han måtte hogge tømmer ei heil veke. Mor strikka og sydde klede.

Åse i antrekk fra 1949
Åse i strikkekjolen frå 1949
Åse i 2009

Red.: Denne artikkelen var fyrste gongen publisert i 2009. Del 2 kjem 2. juledag.

Les også..

Granbarkbille. Foto: Pierre Bornand

– Den verste skadegjøreren på hogstmoden gran

Mandag 22. juli publiserte vi en artikkel om pågående granbarkbilleangrep ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 17. dialektkviss

Oddvar sender oss fortsatt dialektord som vi kan lage kvisser ...
Fiskedag

Fiskesommer!BEKJENTGJØRELSE 

Hedalen JFF arrangerer "Fiskesommer" for barn og ungdom på Skrukkefyllhaugen ...
Gjertrud på jakt

LerdueskytingBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen JFF starter opp med trening på lerduebanen tirsdag 30. ...
Stian Carstensen og Elias Akselsen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

En konsertopplevelse du sent vil glemme

2.–4. august arrangerer Hedalen kulturforum Hedalen kulturfestival 2024. Festivalen innledes ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Tægerarbeid

Sist lørdag var temaet på Bautahaugen tægerarbeid. Vakre produkter av ...