Fiskebuene ved Fristaden ved vatnet Høvren i Sør-Aurdal

Sør-Aurdal Historielag

Publisert av Åse Østgård Hagen 19.06.2022. Sist oppdatert 09.11.2022.

Ca. 60 personar vart med på turen til Fristaden ved Høvren i dag! Været slo til med god temperatur, vindstille og med tidvis gløtt av sol. (Biletet øvst på sida viser fiskebuene ved Fristaden ved vatnet Høvren i Sør-Aurdal.)

Kristian Berglund fortalde frå sitt uutømmelege lager av historier om staden, og kva fisket i Høvren har betydd for folk opp gjennom tidene.

Vi fekk sjå inn i fleire av dei seks nausta, som blir godt teke vare på av dei noverande eigarane. Alle fekk og ein smak av sik-kaker.

Kristian hadde fiska siken i Høvren og Torunn Øyhus hadde stått for tillaginga av dei velsmakande sik-kakene. Ein svært vellykka tur på alle måtar. Takk til alle som møtte opp!

Kristian Berglund fortel om fisket i Høvren. Foto: Åse Østgård Hagen
Ved Fristaden ved Høvren. På sommartur med Sør-Aurdal historielag i juni 2022. Foto: Åse Østgård Hagen

Les også..

Video: VG-saken løftet fram i seminar om presseetikk

I oktober 2025 beklaget Verdens Gang at en av avisens ...
Kake

Kurs i kakepynting – Hedalen barne- og ungdomsskole

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til en smakfull og kreativ lørdag! Har du ...

Helselagsbasaren 2026

– Flott at så mange folk kan samles i kulda, ...
Hedalen helselag ny logo

Bli med på drop-in slektsgranskning

BEKJENTGJØRELSE: Torsdag 15. januar på Kroken kl. 10.00–13.00.Har du noe ...

Konsert i Den kulturelle spaserstokken – Musikkgalleriet

BEKJENTGJØRELSE: Sopran Marilyn Almeida og pianist Siril Valberg. Stjernedryss fra ...