fiber

Dette bør kommunestyret ta tak iLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 27.09.2022. Sist oppdatert 26.09.2022.

Breiband gjev deg høve til rask overføring av store mengder digital informasjon. I Sør-Aurdal har mange fått tilbod om fiberbreiband.

Det har vore fleire reint kommersielle utbyggingsprosjekt i kommunen, og nokre har hatt offentleg medfinansiering.

Nyleg vart det klart at Telenor, med støtte frå kommunen, fylket og NKOM, skal byggje fiberbreiband til 48 husstandar i Sør-Aurdal.

Felles for fleire utbyggingsprosjekt har vore det som liknar Afrika-kart frå førre århundredet. Det har skapt skilje mellom dei som fekk vere med, og dei som vart haldne utanfor. Denne praksisen har vorte gjennomført i fleire år, og det ser ut til at han kjem til å verte vidareført i prosjektet med dei 48 adressene som skal ha fått fiberbreiband innan utgangen av 2024.

Etter det vi kjenner til, vil fleire av dei som er på rett side av kartlinjene som har vore brukte til no, kunne kople seg til den digitale motorvegen ved å bestille oppkopling. Verre er det for dei som er på utsida.

På nettsida til NKOM les vi at Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har ansvaret for ordninga med offentleg støtte over statsbudsjettet til utbygging av breiband. Midla vert fordelte til fylkeskommunane etter ein fordelingsnøkkel utarbeidd av KDD i samråd med Nkom.

Offentlig støtte er eit verkemiddel for å stimulere til utbygging av breiband i område der det ikkje er kommersielt lønnsamt å byggje ut digital infrastruktur.

Vi meiner kommunestyret snarast råd bør få ei sak der dei folkevalde får oversikt over kva for område som har fått tilbod om utbygging, og kva for område som står att.

Ingen husstandar bør verte haldne utanfor breibandsutbygginga. Det finst alternativ til fiber, men merk at Nkom frå 2022 stiller krav om minimum nettfart på 100 Mbit/s i offentleg medfinansierte utbyggingsprosjekt.

Kommunestyret bør ikkje seie seg nøgde med breibandsutbygginga før alle har fått tilbod som minimum stettar kravet NKOM har sett.

Les også..

Olmhus gård Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vedtok ambisiøs landbruksplan for 2025–2030

Sør-Aurdal setter kursen for et grønnere og mer lønnsomt jord- ...

Iren Reppen gjester Hedalen med hyllest til Terje Nilsen

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen Kulturforum inviterer til høstkonsert på Nordre Hedalen forsamlingshus ...
Returpunkt

Nytt returpunkt satt i drift

Returpunktet ved Muggedalskrysset i Hedalen er nylig utvidet, melder Valdres ...
Hedalen ungdomslag

Karaokefest

BEKJENTGJØRELSE: Vi i ungdomslaget inviterer til KARAOKEFEST på Lokalet lørdag ...
Hedalen helselag

Gå med oss onsdag 17. septembere

BEKJENTGJØRELSE: Vi gjentar turen vi gikk 28. mai og møtes ...
Arkivbilde av kommunestyret

Seks nye og sju endrede navn

Kommunestyret i Sør-Aurdal har enstemmig vedtatt seks nye vegnavn som ...