Ikkje eigne grupper for nynorskelevar
19. mai vedtok kommunestyret samrøystes at Bagn skule frå hausten 2022 skal ha bokmål som hovudmål. Med 10 mot 9 stemmer vedtok kommunestyret følgjande:
«Kommunestyret ber administrasjonen om å gjøre vurderinger knyttet til barnets beste i behandlingen av eventuell søknad om bytte av hovedmål til nynorsk i de tre kommende årene fra 2022/2023 gjeldende fra og med 5. til og med 7. trinn dette skoleår. For egen språkgruppe vil det kreves et minimum av 10 elever med enkeltvedtak om bytte av hovedmål til nynorsk.»
«Barnets beste»
Vi har spurt rektor Bjørg Strandbråten om korleis ho tolkar uttrykket «barnets beste» i dette vedtaket.
– Om foreldra meiner det er til «barnets beste» å halde fram med nynorsk som hovudmål i 5. – 7. trinn ved Bagn skule, vil dei få innvilga søknaden, dette i samband til kommunestyret sitt vedtak, skriv Strandbråten i e-post til Hedalen.no.
23,4 % vil ha nynorsk som hovudmål
Etter kommunestyremøtet vart det opna for at elevar på mellomtrinnet kunne få halde fram med nynorsk som hovudmål, og føresette kunne søke om dette.
Det kom inn fleire søknader, og alle er innvilga. Når skuleåret 2022/2023 startar, vil 23,4 % av elevane på mellomtrinnet ved Bagn skule ha nynorsk som hovudmål.
Men ettersom ingen grupper vert større enn 10 elevar, vert undervisninga i alle fag i samla klassar.
Rett til læremiddel på eige skriftspråk
Retten til læremiddel på eige skriftspråk er heimla i opplæringslova § 9-4, jf. forskrift til opplæringslova § 17-1. I forskrifta § 17-1 står det at eleven har rett til læremiddel på ønskt skriftspråk. Dette skal gjere det enklare for elevane å sikre sine språklege rettar og gjere seg nytte av opplæringa.
– Elevane vil få lærebøker på valt skriftspråk. Informasjon til heimane vil heretter kome på bokmål fordi hovudmålet ved skulen no er på dette skriftspråket, skriv Strandbråten.
– Er det anna materiell som nynorskelevane vil få på hovudmålet sitt, til dømes vekeplanar?
– Ettersom ein vekeplan er informasjon til heimen, skal den skrivast på bokmål. Er det behov for ein vekeplan på nynorsk, organiserer skolen naudsynte tiltak.
Både hovudmål og sidemål
Elevar som har bokmål som hovudmål, får nynorsk som sidemål. Dei som får nynorsk som hovudmål, skal ha bokmål som sidemål. Sidemålsopplæringa vil altså skje i same gruppe.
– Korleis vil skolen organisere denne opplæringa?
– Val av sidemål skjer når elevane skal starte i 8. trinn (ungdomsskolen). Slik sett får alle elevane ei føremon når det gjeld kjennskap til sidemål ved å nå kompetansemåla i læreplanen i norsk. Opplæringa skjer samstundes på begge skriftspråka, og lærarane må ha to skriftspråk i drift samstundes. Å få kjennskap til begge skriftspråka er i samhøve med gjeldande læreplan i blant anna norsk, skriv Standbråten.
Tilmålt plass
I saksframlegget kommunestyret fekk til behandling 19. mai 2022, vart det vist til opplæringslova § 2–5. Her les vi at elevane skal ha rett til opplæring i både bokmål og nynorsk dei to siste åra i grunnskolen.
– Det er ikkje vist til læreplanen i norsk, som er forskrift, og som skal styre opplæringa, sa Arnstein Li (Sp) i dette møtet.
– I denne planen står det at elevane heilt frå starten av grunnskoleopplæringa skal lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Vidare skal elevane lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk, samt utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål.
Kommunestyret vedtok samrøystes, etter framlegg frå Senterpartiet, at administrasjonen skal sikre at nynorsk får sin tilmålte plass i undervisninga.
– Korleis vil skulen følgje opp læreplanen på dette punktet, Strandbråten?
– Skolen følgjer lovar, reglar og overordna del av læreplanverket. Å følgje læreplanane er tilsette i skolen utdanna til, samstundes som lærarane ved Bagn skule har tileigna seg høg kompetanse i begge skriftspråk, val av metode og organisering av naudsynte tiltak for å nå kompetansemåla i læreplanane.
– Elevane vil møte sidemålet sitt gjennom heile opplæringsløpet, og kompetansemål knytt til sidemål i læreplanen skal vere nedfelt i årsplanane i skolen.
– Det er viktig at føresette har tillit til at skolen som organisasjon gjer det som er lovpålagt, og at skolen er ein viktig samarbeidspartnar i barnet si opplæring, skriv Strandbråten.