Storfjøsen på Øverby. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Storfjøsen på Øverby i Hedalen teken i bruk

Publisert av Arne Heimestøl 15.01.2022. Sist oppdatert 14.01.2022.

– Det var veldig kjekt å kunne flytte dyra inn i den nybygde fjøsen like før jul, seier Geir Øverby. Saman med sonen, Guttorm, har han investert vel 8 millionar kroner i ein lausdriftfjøs som tilfredsstiller krava som er sette for slike bygg. Investeringa er finansiert gjennom lån og støtte fra Innovasjon Noreg.

Største fjøsen i Hedalen

Golvflata i nybygget er på 700 kvadratmeter, og gjødselkjelaren rommar 1800 kubikkmeter. Bygget står inntil den gamle fjøsen som no vert brukt til mjølking.

Lausdriftfjøsen har plass til 56 mordyr og 30 ungdyr. Akkurat no er det 82 dyr i bygget, 21 av desse er mjølkekyr.

Garden har ein mjølkekvote på 160 tonn. Til å begynne med satsar Guttorm og Geir på ein kombinasjon av mjølkekyr og ammekyr.

Øverby vil ha kapasitet til å kunne produsere inntil 450 tonn med mjølk kvart år viss ein vel å kun satse på denne produksjonen.

Grei innflytting

Dyra har funne seg godt til rette i den nye fjøsen. Mjølkekyr og ammekyr er skilde, men alle dyra går elles fritt. No kan dei kvile på madrassar.

Mjølking skjer i den gamle fjøsen. Det fungerer slik det har gjort før. Kyrne er flinke til å gå på plass, og når mjølkinga vert gjennomført, står dei i avstengde båsar. – Vi har førebels valt å ikkje satse på robotmjølking, fortel Geir.

– Det var flott å kunne samle alle dyra på éin plass, seier Guttorm. Om fire år er planen at han skal take over gardsdrifta. – Det er også godt å sjå at dyra trivst i nybygget. Her ser vi dyrevelferd i praksis.

Guttorm (23 år) i nyfjøsen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Mange arbeidsoppgåver

Det er to årsverk knytt til Øverby. Fjøsstellet morgon og kveld tek til saman 8 timar kvar dag. Reinhald, foring og mjølking er ein stor del av arbeidet i fjøsen.

Garden har om lag 5 000 mål med skog, og den årlege tilveksten er på rundt 900 kubikkmeter. Storstormen 19. november 2021 gjorde ikkje større skadar i skogen som høyrer med til denne garden.

Geir har også teke på seg brøyting. – Eg håper at snøen kjem til sånn passe tid, når Guttorm er heime, smiler Geir. Guttorm pendlar mellom arbeid på garden og arbeid i eit maskinfirma.

Meir arbeid ventar på Hedalshengene. Her har Guttorm og Geir planar om å dyrke 50–60 mål.

På eige område på Hedalsengene har garden 44 dekar dyrka jord. No har Øverby skrive leigekontrakt med fleire grunneigarar. – Skogrydding er gjennomført, og når nydyrking av desse områda er fullført, vil vi ha 200 dekar på Hedalsengene, fortel Geir. Totalt vil garden då ha 400 mål med dyrka mark.

Til venstre i bildet ser du området der det er rydda skog. Her er elles store område som er nydyrka. Foto: Arne Heimestøl

– Må få betre betalt

Budsjettet for den nye driftsbygningen på Øverby var på 7,5 millionar kr. Rekneskapen viser så langt vel 8 millionar kroner.

I Sør-Aurdal er det fleire som vel å leggje ned gardsdrifta. Dette skuldast mellom anna at ein når pensjonsalder, og at det er få som vil overta med dei rammevilkåra landbruket har i dag.

Dei siste månadene har kostnadsveksten i landbruket vore svært sterk. Straumprisane har gått til himmels, drivstoffprisane har auka, og kunstgjødsel har vorte svært mykje dyrare.

– Skal landbruket overleve, må vi få kompensasjon for prisveksten og betre betalt for det vi produserer, seier Guttorm.

God trivsel i nyfjøsen. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Geir og Guttorm med planteininga i april 2021. Utsyn mot Hedalsengene. Foto: Arne Heimestøl

Les også..

Foto: Arne G. Perlestenbakken

LysfestBEKJENTGJØRELSE 

Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens Venner inviterer til ...
Folketall i 3. kvartal

Folketallsutvikling i 3. kvartal

Det har blitt 16 færre innbyggere i Sør-Aurdal sammenlignet med ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter – Hedalen i Valdres (12 mil fra Oslo/Gardermoen) ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær ble 21. oktober 2024 fra HSØ RHF tildelt ...
Blide og fornøyde elever. Foto: Arne Heimestøl

Omvisning på ny-renovert skole

De fleste i Hedalen har vel lagt merke til at ...
Foto: Arne G. Perlestenbakkenv

Barnedåp

Søndag 24.11. ble Gyda døpt i Hedalen stavkirke. Foto: Arne ...
Årbok for Valdres

Årbok for Valdres historielag

Valdres Historielag er kommet med sin tradisjonelle årbok. Nå i ...