Eivind Olmhus

Meir lys i fleire glasYTRING 

Publisert av Eivind Olmhus, prosjektleiar i bulystprosjektet 22.09.2021. Sist oppdatert 22.09.2021.

Bulystprosjektet Mitt Sør-Aurdal er sett i gang på grunn av den stabilt synkande utviklinga i innbyggjartal. Dette er ikkje noko nytt, ei heller typisk for Sør-Aurdal åleine. I snitt er det 21 færre sør-aurdølar kvart år dei siste 30 åra. Tal frå SSB viser at 25 % av landbrukseigedommane med bustad er utan fast busetjing i Sør-Aurdal. Dette utgjer totalt 131 eigendommar og er 5 % over landsgjennomsnittet. På toppen av dette står ein god del einebustadar meir eller mindre tomme delar av året. Totalt er det nok snakk om over 200 bustadar som ikkje er nytta til fast busetjing. Ein god del av bustadane er rett nok utleigde, men mange er nytta som feriestad, og kvar bustad som står tom heile året, er éin for mykje.

På bakgrunn av dette sende styringsgruppa i Mitt Sør-Aurdal ut 105 brev til folk som eig ein bustad dei sjølv ikkje bur i. Med spørsmål om dei nyttar bustaden i nokon grad, eller om den kanskje kan leigast ut eller seljast. To av desse bustadane er no selde, to andre er selde utan svar på brevet, åtte er positive til sal i nær framtid, og to leiger alt ut eller har planar om det.

Ekstra gledeleg er det å ha fått tilbakemelding på at brevet var siste dytt for nokon som i lengre tid har vurdert å selje. Forsking viser at slektskap og følelsar knytt kring dette er den største grunnen til at landbruks- og bustadeigedommar ikkje blir selde. Det trur eg alle har forståing for, og det er viktig å respektere. Ein person eg har snakka med, hadde bestemt seg for å selje, fekk kalde føter etter å ha hatt folk på visning og ende opp med å trekkje tilbodet. Det dukka opp nokre følelsar han ikkje var førebudd på. Han vil fortsatt selje fordi han føler han ikkje får brukt huset nok. Men følelsane måtte bearbeidast litt.

Av dei andre som har fått brev, er det 28 som bruker bustaden som feriehus, eller som har andre klare planar, og som derfor ikkje ynskjer å selje. 76 har ikkje svart og vil få nytt brev saman med eit 50-tals andre som av forskjellige grunnar ikkje fekk brev i fyrste runde. Eg har prøvd å vere klar på, til alle eg har snakka med, at målet ikkje er å få flest mogleg til å selje. Målet er at alle husa skal bli brukte meir i ein eller annan grad. Enten som hyppig brukt feriestad, som leige- eller fast bustad. Kva som er god nok, eller hyppig nok bruk av ein bustad, er umogleg å seie, då kvart enkel tilfelle vil variere. Men dersom ein føler at ein ikkje får brukt huset nok, så er det kanskje rett å gje det vidare til ein ny generasjon. Eller leige det ut til du vil pensjonere deg og flytte tilbake. For no er behovet for tilgjengelege bustadar ganske stort, og skal det vere eit håp om å i det heile tatt å bremse befolkningsnedgangen, vil behovet vere endå større.

Dei aller fleste har vore blide og imøtekommande og rosa prosjektet. Nokre få har uttalt at dette har me ikkje noko med, og dei har jo på mange måtar rett. Me har ingen rett til å blande oss inn i privatlivet til folk. Men ei slik kartlegging kan vere fleire ting. Ho kan vere påtrengande og ufin, men også eit rop om hjelp. Eit rop om hjelp til å skaffe ein heim til dei som vil bu i Sør-Aurdal. Til å skaffe næringslivet arbeidskraft og for å skape eit levande bygdesamfunn med meir lys i fleire glas. Frå og med no og inn i framtida.

Eivind Olmhus

48 00 30 48

post@mittsoraurdal.no

Les også..

Hedda hytter Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Veldig godt å være i gang igjen!

Hyttemarkedet har de siste årene vært i sterk vekst og ...
Renovering av skolen

Kostnadssprekk på rehabilitering av skolen

Omfattende rehabilitering av Hedalen barne- og ungdomsskole er satt i ...
Fra 17. mai 2016

Hilsen til bygdefolket fra årets 17. mai-komité.

Med bakgrunn i pågående renovering av Hedalen skole vil årets ...
Norske kroner Foto: Ben Andreas Harding

Kommunens gjeldsrenter vokser

Kommunens totale langsiktige gjeld var ved årsskiftet 240,6 millioner kr. ...
Illustrasjonsbilde av skogbrann. Foto: DSB

Generelt bålforbud

Mandag 15. april startet perioden med generelt bålforbud i Norge. ...
Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

SamtalegudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til samtalegudstjeneste i Hedalen stavkirke 28. april kl. 18.00. ...