sv

Fem gode grunnar til å stemme SVYTRING 

Publisert av Berit Synnøve Øygard, Nord-Aurdal SV 09.09.2021. Sist oppdatert 08.09.2021.
  1. Miljø og klima 

SV vil stoppe leiting etter meir olje, og dreie satsinga over på grøne løysinger. Skogen er Innlandets gull. SV vil bruke statleg risikokapital og ny kompetanse for å utvikle moglegheitene i skogbruk og bioøkonomi.

2. Rettferdig fordeling

SV går til val for dei mange, ikkje for dei få. Gode samfunn er samfunn med små forskjellar.  SV vil ha mindre forskjellar i makt og rikdom, mellom dei som har mykje, og dei som har lite, og mellom by og bygd. Dette vil me gjere blant anna med omlegging av skattesystemet og med styrking av kommuneøkonomien.

3. Levande bygder

Norsk bonde- og småbrukarlag har kåra SV som partiet med best politikk for små og mellomstore gardsbruk, slike me har mange av i Valdres. SV vil legge om tilskottsordninga,  styrke bruk av utmarksbeite og grovfor,  slik at det vert meir lønsomt å drive med mjølk-og kjøttproduksjon i Valdres. 

4. Tennene er ein del av kroppen 

Det er på tide å tette eit hol i velferdsstaten. SV meiner at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn til legen. 

5. Trygge vegar og gode kollektivløysingar

SV vil flytte midlar frå bygging av nye firefelts motorvegar til oppgradering og utbetring av riks- og fylkesvegar. For å minske miljøbelastninga vil me i størst mulig grad bruke eksisterande trasear ved oppgradering. For å få eit reelt kollektivtilbod i distrikta må me få eit betre og billigare tilbod av bussar og bestillingsdrosjar, både i Oppland og på tvers av fylkesgrensene. 

Les også..

Torden og styrtregn

Gule farevarsler

Onsdag kl. 13.38: Yr.no varsler tordenvær og styrtregn i vårt ...
Drosje

Bestillingsbussen

ANNONSE: Skal du til eller fra Hedalen, Bagn, Begnadalen, kan ...
Ola Jonny Fossholt

Etterlyste markering

Rehabiliteringen av Hedalen barne- og ungdomsskole er nå fullført. Prosjektet ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Norge renner over av penger. Men det gjør ikke Sør-Aurdal kommune.

YTRING: «Hver nordmann har i gjennomsnitt litt over 3,4 millioner ...
Jannicke Hexum Foto: Arne Heimestøl

Omvisning i kirka

ANNONSE: Hedalen stavkirke er åpen for omvisning i perioden 29. ...
Logoen til Bautahaugens Venner

Bautahaugen lørdag 5. juli 12.00–16.00

BEKJENTGJØRELSE: I sommer kretser temalørdagene rundt utstillinga «SAU. Livredder gjennom ...