Kven kan endre vedtekne budsjettpostar?
Dette spørsmålet er interessant etter at professor Jan Fridthjof Bernt for nokre dagar svara på spørsmålet i Kommunal Rapport.
Sør-Aurdal kommune har ei eiga side der vi finn delegeringsreglementet. På framsida les vi at all avgjerdsmyndigheit med verknad til omverda er lagd til kommunestyret som delegerer til andre politiske utval og til administrasjonssjefen (kommunedirektøren). Berre kommunedirektøren kan delegere vidare i organisasjonen.
Rammebudsjett
Dei siste åra har kommunestyre i større grad enn tidlegare vedteke sekkepostar. 17.12.2020 vedtok kommunestyret budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021–2024. I vedtak punkt 4 les vi følgjande:
«Kommunedirektøren disponerer totalbudsjettet, og kan vedta løpende endringer i henhold til delegeringsreglement og økonomireglement, herunder fordeling av avsatte midler til lønnsoppgjør.
Uforutsette større inntektsøkninger, bortsett fra refundert sykelønn og øremerkede overføringer, disponeres kun av formannskap og kommunestyre.»
Professor Bernt
Kva for handlingsrom har då kommunedirektøren? Kva skal til for at ein må leggje fram ei budsjettendringssak – om det skulle vere behov for det?
Professor Bernt viser til kommunelova § 14–1 første ledd: «Årsbudsjettet er bindende for kommunestyret, fylkestinget og underordnede organer.» – Det betyr, skriv Bernt, at beløp som er oppførte på dei enkelte postane i kommunestyrets budsjettvedtak, berre kan endrast ved vedtak av kommunestyret.
Bernt legg likevel til at dette ikkje er til hinder for at ein kommunestyret kan vedta ei rammebevilgning til eit vidare formål, men då må budsjettvedtaket avgrense denne fullmakta til ein bestemt post og redusere henne ned til det nivået som er nødvendig for å oppnå balanse i det samla budsjettet.
Kommunestyret kan ikkje gje kommunedirektøren fullmakt til å plukke i ulike stader i budsjettvedtaket for å oppnå balanse. Forslag om slike omdisponeringar eller nedskjæringar på leggjast fram for kommunestyret som forslag til vedtak.