Hund

Litt om skikk og bruk i skiløyper

Publisert av Arne Heimestøl 22.02.2021. Sist oppdatert 23.02.2021.

Vi er inne i den første av tre vinterferieveker. Mange vil nytte høvet til å ta seg skiturar, anten det er i lysløypa ved skolen, løypa som går frå Jevnlismyra eller i éi eller fleire av det mange mil med løyper som Hedalen løypelag har køyrt opp.

Hundar på tur

Fleire synest det er greitt å ta med éin eller fleire hundar på tur. Dette kan ein ha stor glede av sjølv, og det er fullt mogleg å gjere dette utan å irritere andre skigåarar.

Sør-Aurdal kommune har laga ei forskrift om hundehald. Her les vi følgjande i § 1 – føremål:

Sør-Aurdal kommune vil med denne forskrifta

  • leggje til rette for at hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
  • redusere konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
  • medverke til at spesielt barn ikkje vert skremde eller skadde av hundar
  • medverke til at hundar ikkje jagar bufe på beite

Bandtvang i visse periodar

I § 2 i forskrifta les vi at det er bandtvang i alle lysløyper og andre preparerte løyper i tidsrommet 20. februar–5. mars (vinterferien) og i påska.

Hundebæsj i skiløyper

Vi trur at mange vil setje pris på om hundebæsj vert fjerna frå skiløypene. I forskrifta vi viser til ovanfor, les vi at hundehaldar straks pliktar å fjerne ekskrement som hunden let etter seg i mellom anna skiløyper.

Det finst eigne posar som kan brukast til slikt arbeid. Bæsjen kan du ved hjelp av posen få ut av løypa. Posen skal du ikkje kaste i naturen, men i restavfallet.

Skutertrafikk i løypene

Mange set stor pris på det arbeidet Hedalen løypelag og Hedalen idrettslag gjer med å syte for løyper i bygda og på fjellet. Her vert det brukt både snøskutarar og større løypemaskiner.

Andre motoriserte køyretøy bør, så langt det er råd, halde seg unna skiløypene.

Så er det viktig å hugse på at om ein skal bruke snøskuter i utmark, så må dette vere i tråd med motorferdsellova. Sør-Aurdal kommune kan gje meir informasjon om dette.

Les også..

Billeangrep i Vidalen

Granbarkbilleangrep flere steder i Sør-Audal

Storstormen 19. november 2021 førte til store skader på skog ...
Molter

Bærnytt 2

Moltesesongen er i gang, i alle fall i lavereliggende strøk ...
Markedskart

Stor interesse for markedsdagen på Bagn

Valdrestunet Kjøpesenter, Mitt Sør-Aurdal, Circle K, Sør-Aurdal Frivilligsentral og andre ...
Vandring over Hedalsfjellet

Ny poesti-rute

Helga 2.–4. august arrangerer Hedalen kulturforum Hedalen kulturfestival 2024. Nedenfor ...
Boreriggen

Borer energibrønner

Denne uka er Valdres brønnboring i gang med å bore ...
Teinvassåsvegen

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet noen spørsmål til styret for veglaget angående ...