Kven og kva skal vi tru på?LEIAREN
16. juni 2020 vedtok fylkestinget i Innlandet å be fylkeskommunedirektøren å leggje fram ein gjennomgang av tannklinikkstrukturen i fylket. I fylkesbudsjettet for Innlandet er det lagt til grunn ei årleg innsparing på 2 millionar kroner til tannhelse.
Dette var noko av bakteppet då fylkeskommunedirektøren la fram sak for hovudutval for utdanning og fylkesutvalet knytt til klinikkstrukturen. Her les vi mellom anna at tannlegekontora i Bagn og Vang er mellom dei som har særlege rekrutteringsutfordringar. Fylkeskommunedirektøren foreslo å samlokalisere tannklinikk-kontora på desse to stadane til Valdres lokalmedisinske senter.
Fylkesutvalet vedtok sist tysdag å sende saka attende til administrasjonen. Det er to punkt i vedtaket som er særleg interessante.
«1. Dagens tannklinikkstruktur videreføres på en slik måte at flest mulig innbyggere har kort eller overkommelig veg til fylkeskommunale tannhelsetjenester.»
og
«5. Fylkesutvalget ber fylkeskommunedirektøren evaluere samlokaliseringen av tannklinikkene i Valdres ved Valdres lokalmedisinske senter. Evalueringen legges fram til fylkestingets behandling i juni.»
I ei ytring på Hedalen.no skriv Bjørn Jarle Røberg-Larsen, fylkestingsrepresentant, Innlandet Arbeiderparti, at partiet hans vil syte for at tannklinikkane i Vang og Bagn skal bestå.
Men kvifor stemte partiet hans då for å evaluere samlokaliseringa av tannklinikkane i Valdres ved Valdres lokalmedisinske senter? Her er det brukt bestemt for fleirtal av substantivet tannklinikk. Slik vi les vedtaket, betyr det alle tannklinikkane. Men framleis har Bagn og Vang tannlegekontor.
Dette er ei sak som engasjerer mange i Vang og Sør-Aurdal. Nærleik til offentlege tenester er viktige spørsmål.
Vi håper Arbeiderpartiet og Senterpartiet, som har fleirtal i fylkestinget, kan forklare kva dei har meint med det siste vedtaket i fylkesutvalet.