Snart blir det nytt tak på Brakadokka!
Valdresmusea planlegg tekkekurs på Brakadokka fyrst i mai. Dette er etterlengta og har vore prat om i lengre tid.
Attende til opphaveleg tak
Det har ligge papp på taket på Brakadokka i mange år, men opphaveleg var det flis her. Dette skal me gjenskapa no til våren.
Behov for meir flis
For å kunne tekke heile taket går det mykje flis. Det er lagra ein del slike i låven på Brakadokka som me skal bruka, men me treng meir.
Er det nokon som har flis liggjande, og kan tenkja seg at me kan overta den og bruka henne her? Flisa er frå 58 til 60 cm lang.
Om kurset
Kurset skal gå over tre dagar, 7. til 9. mai.
Open dag med flishøvling
Laurdagen den 9. blir det open dag der det mellom anna skal høvlast flis på gamlemåten, med hest.
Kunnskap og deltaking
Om det er nokon som har vore med på slik høvling, eller har kunnskap om det, ta gjerne kontakt. Og sjølvsagt er de velkomne til Bautahaugen denne dagen – både de som kan noko om det, og andre.
Meir informasjon kjem
Når programmet er spikra, kjem det meir informasjon.
Beste helsing
Odd Arne Rudi
Bygningsvernrådgjevar
Telefon 97 68 90 65


























