Vestbygda. Foto: Sigrid Haugen

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 2

Publisert av Arne Heimestøl 09.01.2026. Sist oppdatert 09.01.2026.

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 drøftar cand.philol. Harald Dokkehaug kva stadnamn kan fortelje om den eldste busetnaden i Hedalen.

Stad-namn og periferibusetnad i vikingtida

Dokkehaug skriv at til periferibusetnaden i vikingtida (ca. 800–1050 e.Kr.) høyrer gardsnamn på -stad, eit namneledd som tyder «heim» eller «bustad». Han peikar på at desse namna er mellom dei eldste vi har i Noreg, og at dei som regel er knytte til gardar rydda av menn frå høgare samfunnslag.

Eit eksempel frå Hedalen er Illjanstad, som Dokkehaug fører tilbake til det eldre namnet Eldjarnsstaðir. Han meiner òg det truleg har vore ein gard som låg der Storruste ligg i dag. Garden er nemnd som Fløstad alt i 1460. Dokkehaug understrekar at dei eldste -stad-namna alltid har personnamn som førsteledd, noko han tolkar som eit teikn på at det var høgættede menn som stod for ryddinga.

Vidare peikar Dokkehaug på at mannsnamnet Eldjarn kan tyde på at garden har lege høgt i terrenget. Han skriv òg at -stad-gardane ofte vart bygde ved deling av eldre storgardar, men at dei likevel sosialt stod langt høgare enn dei seinare rydningsgardane med -rud-namn.

Eldjarnsstadir, Býr og Fløstad

Dokkehaug meiner at Eldjarnsstadir truleg vart skild ut frå garden Býr. Han skriv at Býr må ha vore den eldste og viktigaste garden i Hedalen, eit sentrum både geografisk og sosialt. Etter hans syn samsvarar dette med det ein kjenner frå andre bygder, der ein sentral hovudgard dannar utgangspunkt for seinare garddeling og busetnadsutviding.

Når det gjeld Fløstad, meiner Dokkehaug derimot at ein ikkje kan sjå han som ein utskild gardpart. Han peikar på at Fløstad heller ligg i periferien av den eldre busetnaden, noko som etter hans vurdering viser at det tidleg fanst ei klar grense mellom kjerneområde og randsoner i Hedalen.

Rud-namna og vanskeleg tidfesting

Dokkehaug skriv vidare at namneleddet -rud, som betyr «rydning», òg kom i bruk i vikingtida. Samstundes understrekar han at denne namnelaginga var vanleg gjennom heile seinmellomalderen (ca. 1350–1537). Difor meiner han at vi manglar grunnlag for å avgjera når Hedalen fekk den første -rud-garden.

Han nemner namn som Skinningsrud og Åmsrud, som etter hans vurdering godt kan ha høg alder. Likevel slår han fast at det er umogeleg å peika på noko bestemt hundreår for desse gardane.

Rydningar og busetnadsutviding i mellomalderen

Dokkehaug peikar på at dei fleste gamle -rud-namna i Noreg skriv seg frå den store oppgangsperioden dei første tre hundre åra etter at kristendomen vart innført i landet. Samstundes skriv han at ei mengd bustadnamn på -rud stammar frå slutten av mellomalderen, utan at det let seg gjera å tidfesta dei nærare.

Sidan namnleddet -rud betyr «rydning», meiner Dokkehaug at slike namn fortel om ei gradvis utviding av busetnaden. Han skriv at gardar med -rud-namn opphavleg er utflyttargardar, og at dei ofte vart rydda av yngre søner frå dei gamle odelsgardane.

Rud-gardane i Hedalen

Når Dokkehaug ser nærare på -rud-gardane i Hedalen, meiner han det raskt viser seg at dei høyrer til periferibusetnaden. Han peikar på at det for dei fleste er lett å finna ut kva eldre gard dei er skilde ut frå.

Som døme nemner han Vestrom, som han reknar som ein gammal gard. I utkanten av denne garden vart Bruskrud og Kultrud bygde. Dokkehaug meiner at førsteddet i desse namna truleg er tilnamn, og han tolkar dette som eit teikn på at eigarane av rydningsgardane kjende seg mindre enn eigaren av den gamle odelsgarden Vestrom.

Vidare skriv Dokkehaug at det finst heile 28 -rud-namn i Hedalen. Etter hans syn viser dette at bygda har teke rikeleg del i den store ekspansjonen av gardar i mellomalderen (ca. 1050–1537). Eit så stort tal, meiner han, vitnar òg om at folket i Hedalen har lege på eit høgt nivå, både sosialt og økonomisk.

Personnamn og lang utviklingstid

Dokkehaug understrekar samstundes at -rud-namna viser at denne utviklinga ikkje har gått føre seg i eitt sprang. Han peikar på at somme av førsteledda inneheld personnamn som kom seint til Noreg.

Gamle norske namn og tilnamn finn ein i dei fleste gardnamna, skriv han, men namn som Jon (Jonsrud) og Klemmets (Klemmetsrud) kom først inn med kristendomen, kanskje ikkje før etter 1200. Eit namn som Hans (Hanserud) kom endå seinare, medan Bertil (Bertilrud) vart brukt første gongen som dåpsnamn i Noreg på 1300-talet.

På dette grunnlaget slår Dokkehaug fast at utviklingsperioden for rydningsgardane i Hedalen strekkjer seg over fleire hundreår, frå vikingtida og langt inn i seinmellomalderen.

Denne artikkelserien byggjer på eit serprent av Tidsskrift for Valdres Historielag frå 1942. Tittelen er Litt om busetnaden og stadnamna i Hedalen. Teksten i serprentet er henta frå den handskrivne hovudoppgåva Harald Dokkeaug leverte i 1941. Hedalen.no har omarbeidd teksten til ein artikkel med deloverskrifter.

Les også..

Hedalen kunst- og husflidslag

Bli med på Håndverksbiennalen 2026

BEKJENTGJØRELSE: Håndverksbiennalen blir arrangert av Norges Husflidslag for fjerde gang, ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Strikkekafé

BEKJENTGJØRELSE: Tirsdag 13. januar blir det på ny strikkekafé. Velkommen ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Semesterplan

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag inviterte til varierte aktiviteter i ...
Renovasjon

Nye gebyrsatser for renovasjon

Kommunestyret i Sør-Aurdal har vedtatt nye gebyrsatser for renovasjon som ...

Juletrefest på Hedalsheimen 4. januar

Søndag 4. januar var det duket for tradisjonell juletrefest på ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Julekalenderen

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag takker alle som har kjøpt ...