Utsikt nordover bygda fra Bautahaugen 17. mai 2021. Foto: Helge Nordby

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 1

Publisert av Arne Heimestøl 26.12.2025. Sist oppdatert 18.12.2025.

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 drøftar cand.philol. Harald Dokkehaug kva stadnamn og arkeologiske funn kan fortelje om den eldste busetnaden i Hedalen. Han understrekar fleire stadar at direkte historiske kjelder manglar, og at stadnamna difor er den viktigaste inngangen til å forstå den eldste historia til bygda Hedalen.

Arkeologiske funn som bakgrunn for tolkingane

Dokkehaug viser til at det berre er gjort få arkeologiske funn i Hedalen, men meiner at desse likevel gjev verdifulle peikepinnar. Han nemner mellom anna eit flinteknivskaft funne ved Godvasskardet, ein spydspiss av jarn og to beltesteinar frå folkevandringstida (ca. 300–600 e.Kr.).

Særleg legg Dokkehaug vekt på funnet av ein beltestein saman med ein eldstad på grunn som tidlegare høyrde garden Nerby til. Etter hans vurdering kan dette tyde på fast busetnad alt i denne perioden, sjølv om han er varsam med bastante konklusjonar.

Ein beltestein er ein steinreiskap frå eldre jernalder, oftast frå folkevandringstida (ca. 300–600 e.Kr.), som var festa til beltet ein bar rundt livet. Dette var ein stein som ein slo flint mot for å få eld.

Stadnamna som nøkkel til den eldste gardshistoria

Dokkehaug peikar på at den eldste gardshistoria i Hedalen først og fremst må søkjast i tydinga av gardsnamna. Når andre kjelder manglar, meiner han at stadnamna kan vise busetnadssoga «i store drag», sjølv om ein ikkje kan rekonstruere detaljane.

Han viser til resultat frå vitskapleg stadnamngransking som slår fast at usamansette gardsnamn, ofte knytte til naturtilhøve, høyrer til det eldste namnelaget. Slike namn kan i mange tilfelle førast tilbake til første halvdelen av det første årtusenet etter Kristus, eller endå lenger attende.

Dei eldste usamansette gardsnamna i Hedalen

Dokkehaug skriv at fleire usamansette gardsnamn i Hedalen truleg har halde seg heilt frå folkevandringstida og fram til i dag. Han reknar særleg desse som dei eldste:

  • Berg
  • Braka
  • Fekjar
  • Grøv
  • Li
  • Sukke

Etter Dokkehaug si meining må desse gardane ha vore rydda og tekne i bruk kring år 500 e.Kr., og i alle fall før år 800 e.Kr. Han meiner derfor at Hedalen hadde fast busetnad før vikingtida, på eit tidspunkt då få andre fjellbygder i landet var bygde.

Han peikar også på at elve- og innsjønamn som Busu, Fessjia, Urula, Strøn og truleg Vangen er endå eldre enn gardsnamna og representerer det eldste namnelaget i bygda.

Storgarden Býr som bygdesentrum

Eit sentralt poeng i Dokkehaug si framstilling er tolkinga av gardane Øverby, Nerby og Jørønby. Han viser til dei gammalnorske formene Ytribýr, Neðribýr og Jǫrunnarbýr og meiner at desse gardane opphavleg var delar av ein storgard kalla Býr, som betyr «garden».

Dokkehaug argumenterer for at det er lite truleg at tre nabogardar alle skulle ha býr-namn utan å ha vore éin gard opphavleg. Han meiner difor at Býr må ha vore den eldste og viktigaste garden i Hedalen – eit sentrum både geografisk og sosialt.

Deling av Býr og utvidinga av busetnaden

Ifølgje Dokkehaug skjedde delinga av Býr i Øverby, Nerby og Jørønby i tidleg gammalnorsk tid. Han drøftar om namnet Býr kan ha avløyst eit endå eldre, usamansett gardsnamn, eller om eit slikt namn fall bort då garden vart delt. (Gamalnorsk tid: Om lag 800–1350 e.Kr.)

Han meiner vidare at den opphavlege storgarden strekte seg langt utover dagens gardar, heilt nord til Berg og Grøv, og at ein eller fleire av dei andre eldste gardane i Hedalen kan ha vorte skilde ut frå Býr alt i tidleg tid.

Frå heidensk hov til kristen kyrkje

Dokkehaug skriv at det på grunn som høyrde Býr til, vart bygd eit gudehov i heidensk tid. Då kristendomen kom, vart kyrkja reist på same staden (1163 e.Kr.). Han peikar på at dette samsvarar med eit kjent mønster i Noreg, der gardar med namnet Býr eller Bø ofte vart kyrkjestader, til dømes Bøen i Reinli.

Dette ser Dokkehaug som endå eit bevis på den sentrale rolla Býr hadde i Hedalen.

Vestbygda – spor etter ein gamal gard

Harald Dokkehaug viser til at namnet Vestrom truleg kjem av det gamalnorske Vestrheimr, «den vestlege garden». Han meiner at det som i dag blir kalla Vestbygda i Søre Hedalen, kan ha vore ein samla, eldre gardseining frå vikingtida eller kanskje endå tidlegare.

Sjølv om området i dag framstår som spreidd busetnad utan ein tydeleg storgard, peikar Dokkehaug på at slike -heimr-namn ofte skriv seg frå ei tid då gardane var større og seinare vart delte opp.

Tidleg busetnad

Dokkehaug understrekar at Hedalen ikkje er ei ung bygd, slik mange har meint. Tvert imot viser stadnamna, etter hans vurdering, at Hedalen er ei av dei fjellbygdene i Noreg som tidlegast fekk fast busetnad.

Gjennom tolkinga av dei eldste gardsnamna – og særleg storgarden Býr – meiner Dokkehaug at ein kan føre Hedalens busetnadshistorie attende til folkevandringstida , fleire hundre år før vikingtida tok til.

Denne artikkelen byggjer på eit serprent av Tidsskrift for Valdres Historielag frå 1942. Tittelen er Litt om busetnaden og stadnamna i Hedalen. Teksten i serprentet er henta frå den handskrivne hovudoppgåva Harald Dokkeaug leverte i 1941. Hedalen.no har omarbeidd teksten til ein artikkel med deloverskrifter.

Les også..

Hedalen stavkirke ved juletider

Nyttårshøymesse

BEKJENTGJØRELSE: Det blir høymesse i Hedalen stavkirke v/Solgunn prestevikar og ...

Preken julaften 25 Begnadalen og Hedalen – Brobyggeren

Bønn: Kjære Jesus. Takk for at du lot deg føde ...
SOLLIE

En liten julefortelling

Fortellingen er basert på julen 1952–53 og er fortalt av ...
Hedalen musikkorps

Stemningsfull julekonsert i Hedalen stavkirke

Hedalen stavkirke var nesten helt full av forventningsfulle tilhørere da ...

Onsdagstreff med mat og trivsel på Hedalsheimen

Onsdagstreffene som Klara, Marly, Magnhild, Karin og Kari arrangerer på ...
Gjertrud på jakt

Jegerprøvekurs

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen jeger- og fiskerforening avholder jegerprøvekurs for deg som ...