Hedalen kulturfestival 2025

«Memento Mor di» med Åsgårdsreia teaterlag

Publisert av Arne Heimestøl 24.07.2025. Sist oppdatert 25.07.2025.

KUNNGJERING: Det er no sett opp ei ekstra framsyning av stykket «Memento Mor di» med Åsgårdsreia Teaterlag under Hedalen kulturfestival laurdag 2. august.

Det er kun ledige billettar til framsyninga som startar kl. 16.00.

«Memento Mor di» er eit musikalsk teater om dei som reiste frå alt; somme med hjarta fylt av eventyrlyst, andre av sorg, somme med bitterheit. Alle med håp.

Marit og Andris kjem frå kvar sin utkant i Valdres og møtest på Bragernestorget våren 1851. Vi følgjer dei eit stykke på reisa over eit hav av draumar og kanalar av tvil, der døden rår seg sjølv og livet lever.

Teateret er ein del av utvandrarjubileet som markerer 200 år sidan utvandringa til Amerika starta.

Åsgårdsreia teaterlag har tidlegare sett opp framsyninga «Eg er Tølleiv», basert på Kjørstaddrapet, med premiere på Hilme i 2023. Teaterlaget vil, med utgangspunkt i lokale krefter, vekke til live dei gode historiene frå lokalhistoria vår i Valdres.

I hovudrollene: Cato Skimten Storengen og Anne Heidi Kvam Hillestad
Musikar: Kasper Dyve
Regi: Ragnhild Lund
Manus: Alice Gudheim

Les også..

Cato Skimten Storengen. Foto: Vibeke Oddvik i Lokalradioene i Innlandet

To innslag om kulturfestivalen på Lokalradioene i Innlandet

– Lokalradioene i Innlandet har laget tre saker fra Hedalen, ...
Kari-Anne Jønnes. Foto: Vidar Riseng

Ingen kjenner Oppland bedre

YTRING: Når du skal stemme i høst, og tenker over ...
Hedalen kulturfestival 2025

Hedalen Kulturfestival 2025

BEKJENTGJØRELSE: 1.–3. august går Hedalen Kulturfestival igjen av stabelen. Festivalen ...

Folkemusikk og dans på Bautahaugen

Fredag 18. juli arrangerte Valdresmusea eit folkemusikkprogram med spel og ...
Vannverket i Hedalen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Overskred fluorgrensene i mange år – slipper påtale

Politimesteren i Innlandet har gitt påtaleunnlatelse etter svikt i drikkevannsleveranse ...

Utvekster på trær blir gull for håndverkere

I norske skoger vokser det noe som ved første øyekast ...