Torodd Lybeck Foto: Bjørn Karsrud

Ny bok løftar fram kulturhistoriske dammar i Drammensvassdraget

Publisert av Arne Heimestøl 04.07.2025. Sist oppdatert 04.07.2025.

Torodd Lybeck er aktuell med boka Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget, der han presenterer 150 dammar som framleis står att i elvar og sideelvar i Drammensvassdraget.

Foto: Kvitvella forlag

Boka inneheld både foto, kart og detaljert informasjon om dammane – frå Dokka, Etna og Begna i nord, til Sigdal og Skotselv i sør. Du kan mellom anna lese om damanlegg i både Hedalen og Vassfaret.

Gir nytt liv til gløymd teknologi

I boka greier Lybeck ut om kva rolle brøtningsdammane spelte i tømmerfløytinga frå 1700-talet og fram til 1900-talet. Han forklarar også skilnaden på brøtning og fløyting og gjev eit innblikk i den krevjande prosessen med å få tømmeret trygt nedover elvane.

Næring som bygde landet

Tømmerdrift og trelasthandel var sentrale næringar som la grunnlaget for Noregs økonomiske sjølvstende. Brøtningsdammane vert i boka løfta fram som fysiske minnesmerke over denne avgjerande delen av historia.

Ei praktbok med språk og bilete i særklasse

Torodd Lybeck har levert ei praktbok om brøtningsdammar i Drammensvassdraget. Den pensjonerte læraren skriv særs godt på nynorsk og er også ein dyktig fotograf.

Boka gjev innsikt i vår nære historie om sider av skogsdrift frå tida før tømmerbilar overtok tømmertransporten.

Boka Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget (Kvitvella forlag) kan du kjøpe på mellom anna Joker Hedalen.

I 2007 ga Eldor Bråthen ut boka Vassfarbrøtningen. Om tømmerfløting (brøtning) i Hedalen, Hedalsvassfaret og Øvre Ådal: Vassfaret elvekasse.
Denne boka er éi av dei skriflege kjeldene Lybeck har brukt i boka si.
Foto: Bjørn Karsrud

.

Les også..

Hedalen helselag ny logo

Gå med oss

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 4. februar møtes vi ved Kroken kl. 11.00 ...
Kyrre Eikås Ottersen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Dokumentarteater om norsk landbruk engasjerte publikum i Hedalen

Fredag 30. januar gjestet Teater Innlandet Nordre Lokalet med forestillingen ...
Gamlestua

Åpningstider i Gamlestua – Garn, gaver og gjenbruk februar 2026

ANNONSE: Åpningstider: Lørdag 7.2. kl. 11–13 Lørdag 14.2. kl. 11–13 ...
Salto

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir Salto på Kroken torsdag 5.2. kl. 17.30–19.00. ...
Tomta for Nye SAUS

Uenighet om størrelsen på nye SAUS

Formannskapet i Sør-Aurdal behandlet torsdag 29. januar saken om rammer ...

Skiløyper

LØRDAG ETTERMIDDAG: Nye skispor på Jennlismyra. Det er også kjørt ...