20250429_0001

Arkivkveld i Hedalen – ein vellukka kveld med lokalhistorie i fokus

Publisert av Eirin Breie, Konservator NKF-N / Arkiv og samling 04.05.2025. Sist oppdatert 02.05.2025.

Tysdag 29. april 2025 arrangerte Bautahaugen samlinger og Valdresmusea igjen arkivkveld i Hedalen. På Bautahaugen møttest ein liten, men engasjert gjeng med ivrige museumsvenner som bidrog til ein hyggeleg og lærerik kveld.

Gode samtalar og lokalhistorisk engasjement

Det vart servert kaffi og kake, og stemninga var god. Det oppstod mange gode samtalar om arkiv og bevaring, og både deltakarar og arrangørar delte erfaringar og tankar om verdien av å ta vare på lokalhistorisk materiale.

Medlemsfortegnelse fra 1927
Regning fra 1957. Utdrag fra regnskapsbok fra åra 17. mai -arrangementa foregikk på Bautahaugen.

Lydopptak frå arkivet rørte publikum

Eit spesielt fokus denne kvelden var lydopptak. Valdres Folkemusikkarkiv er Noregs eldste regionale folkemusikkarkiv, og arbeider med innsamling, digitalisering og bevaring av privatopptak som ikkje er kommersielt utgitt.

Frank Rolland frå Valdres Folkemusikkarkiv spelte av fleire lydopptak frå arkivet, og publikum fekk høyre både song og spel frå lokale hedølingar. Nokre av opptaka var svært gamle – mellom anna innspelingar av personar fødde seint på 1800-talet – noko som gjorde sterkt inntrykk.

Arkivmateriale frå bygda levert inn

Formålet med kvelden var både å informere om Innlandsarkiva i Valdres, og å ta imot arkivmateriale for bevaring. Det vart levert inn ulike typar arkivmateriale, mellom anna ein protokoll frå Sør-Aurdal Arbeiderparti, arkivmateriale frå utstillingsproduksjonar i regi av Bautahaugens venner, ei medlemsbok frå Ungdomslaget Solsprett, ei rekneskapsbok for 17. mai-arrangement på Bautahaugen, og diverse arkivmateriale om Hedalsengene.

Informasjon om Innlandsarkiva og arkivtenester

Eirin Breie ved Valdresmusea informerte også om moglegheita for både avlevering og innsyn i papirarkiv og digital arkiv, foto, papirarkiv og lydopptak.

Innlandsarkiva – eit nettverk for framtida

Arrangementet var ein del av musea sitt arbeid i Innlandsarkiva, eit nettverk av museumsarkiv i Innlandet. I Valdres er det avdelingar på Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Her blir papirarkiv, fotoarkiv og lydarkiv frå privatpersonar, foreiningar og lag teke vare på for ettertida.

Meir informasjon om arkivfunksjonen ved musea i Valdres finn du på valdresmusea.no.

Priser på brakker fra Urula Bruk

Les også..

HIL-logo

Mandag 17. august

BEKJENTGJØRELSE: G/J 8: Hedalen–Øystre Slidre Kampstart kl. 18.00 Kiosken er ...

Iren Reppen tilbake til Hedalen med «Sexy nok»

Lørdag 3. oktober kommer Iren Reppen tilbake til Lokalet i ...

Daniel og skriften på veggen

YTRING: Del 2: Vårherre var heller ikke nådig mot Moses, ...

Arti på Toten, amma!

Fylkesleir 4H Oppland. 6. til 9. august arrangerte 4H Oppland ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Aktivitetsplan

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag har laget aktivitetsplan for høstsemesteret ...

Bærnytt 4

Moltesesongen er på hell, men fortvil ikke – nå er ...