
Arkivkveld i HedalenKUNNGJERING
Bautahaugen samlinger og Valdresmusea arrangerer igjen arkivkveld i Hedalen!
Under arkivkvelden vil være moglegheit for innlevering av lydarkiv og papirarkiv frå Hedalen og heile Valdres. Valdresmusea ønsker å informere om Innlandsarkiva i Valdres, og svare på spørsmål kring denne tenesta. Det vil og bli informert om moglegheitene for avlevering og skanning av foto for digital bevaring i museumsamlingane. Velkommen til ein sosial og hyggeleg kveld.
Bautahaugen samlinger og Valdresmusea inngår i Innlandsarkivet, som er eit nettverk av museumsarkiv i Innlandet. I Valdres har innlandsarkiva avdelingar på Bautahaugen Samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Her tek musea vare på papirarkiv, fotoarkiv og lydarkiv.
Lydopptak av folkemusikk
Valdresmusea ønsker denne kvelden spesielt å få tak i lyd- og videoopptak av folkemusikk gjort av privatpersonar som ikkje er kommersielt utgitt, for digitalisering og bevaring ved Valdres Folkemusikkarkiv.
Valdres Folkemusikkarkiv er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her er intervju, musikk- og danseopptak med felespelarar, langeleikspelarar, songarar og dansarar, frå 1940-talet og fram til i dag. Folkemusikkarkivet inneheld rundt 16 000 enkeltspor med song og musikk, og bidreg til å bevare og formidle musikkarven frå Valdres.
Har du kasettar, spoleband, videoopptak eller anna som kan være av interesse? Eller lurer på noko? Ta gjerne kontakt i forkant av kvelden med folkemusikkarkivar Frank på epost frank.rolland@valdres.museum.no eller telefon 61 35 99 32.
Unikskapt papirarkiv og digitalt arkiv
Valdresmusea og Bautahaugen samlinger ønsker avlevering av papir- og digitalt arkivmateriale for permanent bevaring. Året 2025 markerer 200 års-jubileum for utvandringa frå Noreg til Amerika. Det er derfor ekstra ønskeleg med materiale dokumenterer utvandringa frå Valdres.
Musea bidreg til sikker oppbevaring av arkivmateriale frå privatpersonar, foreiningar, lag, bedrifter m.m. Arkivmateriale kan for eksempel vere protokollar og møtebøker, brevsamlingar, diverse skrivne tekstar som dikt, songar, beretningar eller anna. Det vert ikkje teke imot bøker og andre trykte publikasjonar som er utgitt i større opplag.
Har du arkivmateriale som bør ligge trygt og kan vera av interesse for fleire, kan du denne kvelden avlevere mindre mengder arkiv eller gjere avtale om framtidig avlevering. Avlevering av større mengder arkiv, til dømes fleire esker, må avtalast på førehand. Har du spørsmål eller er usikker på kva du kan levere, så ta gjerne kontakt med museet på førehand.
Arkivmateriale vil etter innlevering vere tilgjengeleg for interesserte på museet etter avtale. Informasjon om materiale blir publisert på arkivportalen.no og på Valdresmuseas heimeside. Materialet vil bli gjort tilgjengeleg for formidling og forsking i tråd med dei føringar som gjeld for museum og arkiv. Arkivmateriale som inneheld sensitiv informasjon, blir klausulert.
Har du arkivmateriale som kan leverast eller lurer på noko? Ta gjerne kontakt i forkant av kvelden konservator Eirin på epost eirin.breie@valdres.museum.no eller telefon 61 35 99 18.
Sjå også www.valdresmusea.no for meir info om fotoarkiv, folkemusikkarkiv og papir- og digitalt arkiv i Valdresmusea.
Tid: tysdag 29. april 2025, kl. 17:00–19:00.
Stad: Brakastugua, Bautahaugen samlinger