Topplogo Hedalen

Kommunen må halde vatn- og avløpskostnadene under kontrollLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 02.04.2025. Sist oppdatert 01.04.2025.

Torsdag 3. april skal kommunestyret i Sør-Aurdal behandle saka Status for plan for opptrapping vatn- og avløp.

Kommunen hadde i 2023 dei tredje høgste gebyra knytt til denne tenesta i landet, men tenesta er likevel ikkje sjølvfinansiert.

Vi meiner det er heilt rett at vatn- og avløpstenesta skal vere ei sjølvkostteneste. Sjølvkostmodellen sikrar at inntektene frå gebyra over tid ikkje skal gå med verken underskot eller overskot.

Men når gebyra allereie er blant dei høgaste i landet, og det ikkje ser ut til å verte betre, er det nødvendig å vurdere alternative tiltak for å hindre at kostnadene blir endå høgare.

Eitt mogleg tiltak er å knyte fleire abonnentar til det kommunale vatn- og avløpsnettet. Dette vil fordele kostnadene på fleire, og slik kunne bidra til meir akseptable gebyr.

Plan- og bygningslova § 27-1 og 27-2 gjev kommunen heimel til å krevje tilkobling til det offentlege vatn- og avløpsnettet. I det vidare planarbeidet må kommunen nytte denne lovheimelen til å kartleggje kvar det er mogleg å krevje tilknyting, og gjere det der det er relevant.

Sør-Aurdal kommune har alt starta tilsyn med private avløpsanlegg, og fleire eigedomar vil få pålegg om å oppgradere anlegg som ikkje held mål. Difor er det naturleg å sjå dette tilsynet i samanheng med kartlegginga av moglegheiter for tilknyting til det kommunale nettet.

Kommunestyret må ta ansvar og leggje til rette for ei berekraftig vatn- og avløpsteneste – både økonomisk og miljømessig.

Dette krev eit heilskapleg og langsiktig perspektiv der både innbyggjarane og kommunen som heilskap tener på ei meir effektiv og rettferdig ordning.

Les også..

Hedalen helselag ny logo

Gå med oss

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 4. februar møtes vi ved Kroken kl. 11.00 ...
Kyrre Eikås Ottersen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Dokumentarteater om norsk landbruk engasjerte publikum i Hedalen

Fredag 30. januar gjestet Teater Innlandet Nordre Lokalet med forestillingen ...
Gamlestua

Åpningstider i Gamlestua – Garn, gaver og gjenbruk februar 2026

ANNONSE: Åpningstider: Lørdag 7.2. kl. 11–13 Lørdag 14.2. kl. 11–13 ...
Salto

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir Salto på Kroken torsdag 5.2. kl. 17.30–19.00. ...
Tomta for Nye SAUS

Uenighet om størrelsen på nye SAUS

Formannskapet i Sør-Aurdal behandlet torsdag 29. januar saken om rammer ...
Kamilla

Hva skal vi spise?

I 2024 kom en stor og viktig studie: Over 700 ...