Hedalen.no

Uakseptabelt!LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 27.03.2025. Sist oppdatert 27.03.2025.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har svikta Hedalen nord – og truleg fleire andre stader i Noreg. Når dei avviser klagen frå Hedalen bygdeutval om dårleg mobildekning, legg dei seg flate for Telenor sine interesser, og vender ryggen til dei som bur, ferdast og arbeider i digital mobilskugge.

I digitaliseringsstrategien mot 2030 har regjeringa slått fast at mobildekning skal vere tilgjengeleg nettopp der folk bur, arbeider og ferdast. Men NKOM si tolking av Telenor si leveringsplikt er som ein kikkert snudd feil veg – han snevrar inn perspektivet i staden for å utvide det.

Dette handlar ikkje berre om dårleg dekning – det handlar om beredskap, tryggleik og retten til grunnleggjande kommunikasjonstenester. Fasttelefonen har gått i grava. I Hedalen nord fungerer mobiltelefonen over WiFi innandørs, medan 5G utandørs er ustabilt og upåliteleg – som ein sveitserost.

Saka handlar mellom anna om liv og helse. Når naudkommunikasjon er umogleg, blir innbyggjarane i Hedalen nord fleire stader ståande att utan livline i kritiske situasjonar. Kva skal dei gjere når ulukka er ute, og mobilen er stum? Kva med dei eldre med tryggingsalarmar – kva skjer om dei kjem seg ut or huset og nettverket sviktar?

Ordførar Marit Hougsrud har heilt rett: Dette er ikkje akseptabelt!

At over 99 % av Telenor sine kundar har tilgang til gode mobiltenester, er til lita hjelp for dei som står utan dekning – like lite som ei livbøye langt unna hjelper den som held på å drukne.

Vi meiner staten må stå ved sine eigne ord og gje Telenor og andre teleoperatørar klare pålegg om utbygging i samsvar med dei måla som er sette.

Og rekninga? Ho bør teleoperatørane og staten sjølve ta.

Les også..

Hedalen helselag ny logo

Gå med oss

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 4. februar møtes vi ved Kroken kl. 11.00 ...
Kyrre Eikås Ottersen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Dokumentarteater om norsk landbruk engasjerte publikum i Hedalen

Fredag 30. januar gjestet Teater Innlandet Nordre Lokalet med forestillingen ...
Gamlestua

Åpningstider i Gamlestua – Garn, gaver og gjenbruk februar 2026

ANNONSE: Åpningstider: Lørdag 7.2. kl. 11–13 Lørdag 14.2. kl. 11–13 ...
Salto

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir Salto på Kroken torsdag 5.2. kl. 17.30–19.00. ...
Tomta for Nye SAUS

Uenighet om størrelsen på nye SAUS

Formannskapet i Sør-Aurdal behandlet torsdag 29. januar saken om rammer ...
Kamilla

Hva skal vi spise?

I 2024 kom en stor og viktig studie: Over 700 ...