Formannskapet 2023–2027: Ordfører Marit Hougsrud (Sp), varaordfører Ståle Borgersen (H), Catrine Hagen (Ap), Svein Erik Wold (Sp) og Roger Kjensrud (Ap)

Jamlege orienteringarLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 14.01.2025. Sist oppdatert 13.01.2025.

Sør-Aurdal kommune har gjennomført ei stor opprusting av Hedalen barne- og ungdomsskole og Hedalen naturbarnehage. Resultatet har vorte svært bra, og det er det mange som er glade for.

I ei ekstra orientering i kommunestyremøtet 14. november kom det fram at opprustinga av skolen og barnehagen då såg ut til koste 43,5 millionar kr inklusiv moms.

I slutten av april 2024 vart kommunestyret i sak 19/24 gjort kjent med at opprinneleg vedteken budsjettramme ikkje ville halde. Det folkevalde organet vedtok å auke ramma med 7,65 millionar kroner, men det viste seg å heller ikkje vere nok. I orienteringa 14. november vart det varsla ein ny sprekk på 6,75 millionar kroner.

Overskridingane utgjer ein auke på 49,5 %. Dette er samanlikna med budsjettet kommunestyret vedtok for rehabiliteringsprosjektet i sak 12/23.

Dei siste opplysningane kom svært overraskande på kommunestyret, og kommunedirektøren måtte svare på mange kritiske spørsmål.

Kommunen slit med å få driftsbudsjetta i balanse, og fleire store investeringsprosjekt ventar. Kommuneøkonomien har ikkje godt av verken denne eller fleire slike overskridingar.

I reglementsheftet for Sør-Aurdal kommune les vi følgjande under overskrifta rutinar for kontroll og tilbakemelding:

«Kommunedirektøren tilbakemelder om oppdatert økonomisk status i budsjettåret til kommunestyret hvert tertial. Formannskapet gis løpende orientering om økonomisk status.»

Formannskapet skulle altså ha fått jamlege orienteringar, sidan dette skal skje kontinuerleg. Det har dei ikkje fått i denne saka, og dermed har dei ikkje hatt høve til å gripe inn.

I møtet 12. desember vedtok kommunestyret å rullere noverande delegeringsreglement og økonomireglement.

Både kommunestyret og formannskapet finn heimel i dette reglementet for å krevje meir informasjon – og det til rett tid.

Les også..

HIL-logo

Mandag 17. august

BEKJENTGJØRELSE: G/J 8: Hedalen–Øystre Slidre Kampstart kl. 18.00 Kiosken er ...

Iren Reppen tilbake til Hedalen med «Sexy nok»

Lørdag 3. oktober kommer Iren Reppen tilbake til Lokalet i ...

Daniel og skriften på veggen

YTRING: Del 2: Vårherre var heller ikke nådig mot Moses, ...

Arti på Toten, amma!

Fylkesleir 4H Oppland. 6. til 9. august arrangerte 4H Oppland ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Aktivitetsplan

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag har laget aktivitetsplan for høstsemesteret ...

Bærnytt 4

Moltesesongen er på hell, men fortvil ikke – nå er ...