Kjersti Toppe

Historielaust kyrkjekuttYTRING 

Publisert av Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) 22.12.2024. Sist oppdatert 21.12.2024.

Snart kimar det i kyrkjeklokker i heile landet. Det kimar til julefest. I dag har vi ei landsdekkjande folkekyrkje i Noreg. For mange er det ikkje jul utan eit kyrkjebesøk. Det ser det ut til at Høgre, Frp og Venstre har gløymt.

Den norske kyrkja er julaftan, pinseaftan, olsok, men også heilt vanlege dagar. Den norske kyrkja er gudstenester, gravferder, bryllaup, dåp, konfirmasjonar og samlingar.

Den norske kyrkja er møteplassar, fellesskap, beredskapsarbeid, sorgarbeid, sosialt arbeid for utsette grupper og særleg viktig barne- og ungdomsarbeid.

Den norske kyrkja er konsertar, song, musikk, og mange, mange frivillige. Den norske kyrkja er småbarnstreff, eldretreff, flyktningtreff og ungdomstreff.

Kyrkja spelar ei avgjerande rolle i mange lokalsamfunn. Den bidrar til rom for tru, og handlar også om identitet, kulturarv og fellesskap.

Derfor blir eg bekymra når eg les opposisjonspartia sine alternative statsbudsjett for 2025. Høgre vil kutte 96 millionar kroner til Den norske kyrkje, Venstre vil kutte 400 millionar kroner og FrP vil kutte 266 millionar kroner.

Dette vil ramme den landsdekkande, grunnlovsfesta folkekyrkja hardt. Om Venstre sitt budsjett hadde blitt vedtatt, kunne 400 av 1200 prestestillingar blitt fjerna. Verst ville det gått ut over distrikta, og stengte kyrkjer ville bli eit resultat mange stader.

Budsjettkutta ville gitt enorme konsekvensar for den landsdekkande folkekyrkja, men også for andre trussamfunn som dei same partia også kuttar støtta til.

I tillegg foreslår både Høgre og Venstre å kutte 100 millionar kroner i 2025 i den statlege tilskotsordninga for å bevare kyrkjebygga våre. Det betyr eit kutt på 30 prosent. Det betyr at mange kyrkjer ikkje blir rusta opp i 2025, slik regjeringa ynskjer.

Slike store kutt på trussamfunnsfeltet er historielaust. Tru er personleg, men ikkje ei privatsak. Skal verkeleg barnefamiliar måtte betale avgift for å gå i kyrkja på julaftan neste år? Skal kyrkjebygg, som er blant våre mest verdifulle kulturminne, verkeleg forfalle og ikkje bli rusta opp?

Senterpartiet og regjeringa vil ha ei tilgjengeleg folkekyrkje i heile Noreg. Vi vil vedlikehalde dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga.  Kutt på fleire hundre millionar kroner til Den norske kyrkja er ny felles politikk frå H, FrP og V.

Det beste med deira forslag, er at dei ikkje blir vedtatt. Fordi det er vårt budsjett som får fleirtal. Det kan mange vere glade for i dag.  

Kjersti Toppe,

Barne- og familieminister, med ansvar for tru- og livssynsfeltet i regjeringa.

Les også..

50-årsmarkering av Hedalen Skytterlags Miniatyrgruppe

Mandag 16. desember 2024 inviterte Hedalen Skytterlags miniatyrgruppe til juleskyting ...
Fra valglokalet i Hedalen

Fortsatt tre valgkretser

Høsten 2025 er det stortingsvalg. Ved kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023 ...
Hedalen stavkirke ved juletider

GudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til julaftensgudstjeneste i Hedalen stavkirke kl. 16.00. Solgunn Vårlid ...
Penger

Vedtok kontortaksering av eiendomsskatt for 2025 og ny, alminnelig taksering

12. desember behandlet kommunestyret saken Eiendomsskatt – ny allmenn taksering ...
Boeing Boeing

Hedalen ungdomslag presenterer Boeing BoeingBEKJENTGJØRELSE 

Bernhard lever livet som suksessfull finansmann og ungkar, med sansen ...
Flom ved Sør-Aurdal ungdomsskole. Foto: Sonja Bordewich

Får ytterligere 5 840 000 kr i erstatning etter «Hans»

2. august 2024 sendte Sør-Aurdal kommune ny søknad om skjønnsmidler ...