Anne Mette Strand

Ny lokalhistorisk bok av Anne Mette Strand: Svalle ved kongen

Publisert av Frode Rolandsgard 01.12.2024. Sist oppdatert 29.11.2024.

Nytt blikk på bondeorganisering i 1818: Svalle ved kongen.

I 1818 aksjonerte bønder i enkelte austlandsbygder mot det som vart kalla sølvskatten. Bønder i søre Valdres, i Hallingdal, på Ringerike og Nes på Hedmarka skreiv brev og kontakta stortingsmenn. Då alle andre åtgjerder var oppbrukte, ville dei vende seg til han som hadde siste ordet i saka, kong Karl Johan. Dei ville svalle ved kongen, sa dei.

Men den nye staten Noreg var svak, Storting og regjering strevde med eigne roller, og kven visste kva for planar unionskongen eigentleg hadde? Styresmaktene var redde og slo hardt ned på dei som protesterte.

Kven var bøndene som aksjonerte, og kvifor var nokre bygder med og andre ikkje? Kva skilde til dømes Hedalen frå andre delar av Valdres? Kva skjedde på Hedmarka, i Hallingdal og på Ringerike? Forfattaren følgjer spora etter dei som sumaren og hausten 1818 reiste rundt og organiserte protestane. Enkeltpersonar står fram, men dei går inn i ein heilskap: ei tid framleis prega av einevelde og paternalisme, men med eit veksande politisk medvit hos vanlege folk.

Medan tidlegare framstillingar av uroa i 1818 har teikna eit bilde av spontane aksjonar og manglande innsikt i politiske prosessar, meiner forfattaren at bøndene som aksjonerte, var særs medvitne om både mål og verkemiddel.

På Nes på Hedmarken sat storbonden Halvor Hoel og drog i trådane. Bønder frå området rundt valfarta til garden Hoel og fekk med seg skriv og formaningar. Vi får møte Hoel og mange av desse enkeltbøndene og høyre korleis dei forklarte seg i rettsprosessane etter opprøret.

Anne Mette Strand har tidlegare gitt ut boka «Stridsmann frå Strønd. Om menn og politikk i Valdres 1905 – 1940» og reiser på turné i Valdres, Hallingdal og Ringerike i desember og januar.

Les også..

Formannskapet 2023–2027: Ordfører Marit Hougsrud (Sp), varaordfører Ståle Borgersen (H), Catrine Hagen (Ap), Svein Erik Wold (Sp) og Roger Kjensrud (Ap)

Mulig saksbehandlingsfeil i formannskapet blir «reparert» i kommunestyret

Torsdag 20. mars behandlet Sør-Aurdal formannskap sak 010/25 – oppheving ...
Bedehuset

Basar på Hedalen bedehus onsdag 9. april kl. 18.00BEKJENTGJØRELSE 

Kom og fyll opp salen! Åresalg med mange fine gevinster ...
Hedalen kunst- og husflidslag

StrikkekaféBEKJENTGJØRELSE 

på Fjellsyn tirsdag 1. april kl. 19.00. Ta med deg ...
Håvard Sukke er én av mange i Hedalen nord som har dårlig mobildekning.

NKOM avviser klage om manglende mobildekning i Hedalen nord

Hedalen bygdeutvalg har i flere måneder kjempet for bedre mobildekning ...
Hedalen.no

Uakseptabelt!LEIAREN 

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM) har svikta Hedalen nord – og truleg ...