Tingvoll. Foto: Arne Heimestøl

Bør lese reglementsheftet grundigLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 14.10.2024. Sist oppdatert 13.10.2024.

Driftsoversikten som er lagd fram i 2. tertialrapport, viser at Sør-Aurdal kommune ligg an til eit meirforbruk på 6,9 millionar kroner i 2024.

I budsjettmøtet i desember 2023 vedtok kommunestyret å bruke vel 7 millionar kroner av disposisjonsfondet for å få budsjettet til å gå i hop.

Det reelle underskotet for driftsåret 2024 kan altså bli dobbelt så stort som det tertialrapporten varslar.

Det ligg an til overskridingar på fleire sektorar.

Formannskapet er økonomiutval i kommunen. I reglementsheftet les vi følgjande: «Formannskapet gis løpende orientering om økonomisk status.»

Både formannskapet og kommunestyret får tertialrapportar i tråd med kommunelova, og desse rapportane har vorte vesentleg betre dei siste åra.

Har vi forstått ordføraren rett, meiner ho at to tertialrapportar + årsrapport er tilstrekkeleg.

Vi meiner det er nødvendig med fleire orienteringar slik at både formannskapet og kommunestyret kan gripe inn så tidleg som råd er dersom det er behov for endringar i budsjettet kommunestyret har vedteke.

I reglementsheftet les vi at kommunedirektøren

  • har mynde til å disponere bevilga nettoramme innanfor eit rammeområde både på utgiftssida og inntektssida og mellom tenester innanfor eit rammeområde
  • gjennom sin budsjettkontroll skal føre tilsyn slik at kommunen unngår budsjettoverskringar

Og vidare:

  • Inndekning av eventuelle overskridingar skal leggjast fram for kommunestyret.
  • Forslag om tilleggsbevilgning og omdisponeringar skal fortrinnsvis leggjast fram for kommunestyret i samband med tertialrapporteringar.

Kommuneøkonomien er i ulage. Vi meiner det er nødvendig at både administrasjonen og dei folkevalde fyller rollene sine slik at kommunen vår kan ha ei god økonomistyring.

Reglementsheftet kommunestyret har vedteke kan vere til god hjelp når ein lurer på kven som har ansvar for kva.

Les også..

Dette er den tredje løypemaskina til Hedalen Løypelag. Den ble tatt i bruk i 2022. Løypemaskina kjøres av Harald Kjensrud, Roger Hybertsen, Helge Nordby, Olaf Søbekkseter og Bjørn Skoglund. Foto: Helge Nordby

Vinterferieuker står for tur

Løypekjørerne er i gang. Inn mot helgen vil alle våre ...

Flishøvling med hest på Bautahaugen i Hedalen 9. mai 2026

KUNNGJERING: Endeleg skal stogo Brakadokka få flistak att! Lenge har ...
Ledighet i januar

På tide å søke sommerjobb – mange ledige stillinger i Innlandet

Ledigheten i Innlandet holder seg fortsatt lav, samtidig som arbeidsgivere ...

Jakt nordre Hedalen sameie

ANNONSE: Nordre Hedalen sameie lyser ut elgjakt for 5 år ...
Logo Hedalen idrettslag

Innkalling til årsmøte i HIL

BEKJENTGJØRELSE: Årsmøtet i Hedalen idrettslag avholdes søndag 15. mars kl. ...
Kake

Kurs i kakepynting – Hedalen barne- og ungdomsskole

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til en smakfull og kreativ lørdag! Har du ...