Brunbakklia og Skolehagen. Foto: Helge Nordby

Kan det bu flyktningar i Hedalen?LEIAR 

Publisert av Arne Heimestøl 28.09.2024. Sist oppdatert 25.09.2024.

Vi bruker mykje tid på å lese kommunale saksdokument. Her er det ein god del interessant sakprosa. Rapporten for 2. tertial 2024 vekkjer ettertanke.

I delrapporten for oppvekst og kultur ser vi at innvandrartenesta til no har busett 20 flyktningar i år.

I saksframstillinga for kommunestyret sitt desembermøte 2023 les vi at det ligg som ein føresetnad at kommunen har tilgang på høvelege bustadar i nærleiken av Bagn sentrum. Busetjing av flyktningar bør skje sentrumsnært.

Tertialrapporten fortel at det ikkje er ledige plassar i Reinli barnehage, og det skaper utfordringar med barnehageplassar for busette flyktningar.

I den same rapporten les vi at det er født 19 barn til no i 2024 i Sør-Aurdal, og det er venta fleire fødslar før året er omme. I 2023 vart det født 23 barn i kommunen.

Barn som er under tre år, tel to plassar i barnehagen per barn.

Det er grunn til å tru at det i åra som kjem, framleis vil vere vanskeleg å seie ja til alle søknader om plass i Reinli barnehage. Barnehage er inne i økonomiplanen, men det vil truleg ta tid før renovert eller ny barnehage er på plass.

Spørsmålet vi stiller, er om det er mogleg å busetje nokre av flyktningane som kjem til Sør-Aurdal, i Hedalen. Det trur vi, og vi nemner desse argumenta:

  • Kommunen har to hus som vart bygde som flyktningenbustader i Brunbakklia.
  • Det er plass til fleire barn i nyrenovert barnehage og skule i bygda.
  • I Temaplan helhetlig boligplan 2022–2030 er sentrum i Hedalen nemt som eitt av to sentrum i Sør-Aurdal.
  • Det går buss mellom Hedalen og Bagn fire dagar kvar veke i skuleåret.
  • Det er mange fritidstilbod som både barn og vaksne kan vere med på i Hedalen.
  • Hedalen har fleire arbeidsplassar som kan gje verdfull arbeidspraksis for flyktningar.

Dette er ei sak som kommunestyret bør få på bordet. Prinsipielle spørsmål høyrer med dette folkevaldet sine oppgåver.

Les også..

Enebolig til salgs

ANNONSE: Enebolig med fin beliggenhet og gode solforhold i et ...
Dette er den tredje løypemaskina til Hedalen Løypelag. Den ble tatt i bruk i 2022. Løypemaskina kjøres av Harald Kjensrud, Roger Hybertsen, Helge Nordby, Olaf Søbekkseter og Bjørn Skoglund. Foto: Helge Nordby

Vinterferieuker står for tur

Løypekjørerne er i gang. Inn mot helgen vil alle våre ...

Flishøvling med hest på Bautahaugen i Hedalen 9. mai 2026

KUNNGJERING: Endeleg skal stogo Brakadokka få flistak att! Lenge har ...
Ledighet i januar

På tide å søke sommerjobb – mange ledige stillinger i Innlandet

Ledigheten i Innlandet holder seg fortsatt lav, samtidig som arbeidsgivere ...

Jakt nordre Hedalen sameie

ANNONSE: Nordre Hedalen sameie lyser ut elgjakt for 5 år ...
Logo Hedalen idrettslag

Innkalling til årsmøte i HIL

BEKJENTGJØRELSE: Årsmøtet i Hedalen idrettslag avholdes søndag 15. mars kl. ...