Alfred Bjørlo. Foto: Celina Christoffersen

Kutt særskatten på norsk eigarskapYTRING 

Publisert av Alfred Bjørlo (V), stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson for Venstre 26.09.2024. Sist oppdatert 25.09.2024.

Lokalt forankra eigarskap betyr at meir av verdiane kjem lokalsamfunna til gode. Venstre vil ha eit mangfald av bedrifter med lokalt eigarskap, bygd på lokal skaparkraft og bankande hjarte for folk og lokalsamfunn. Det er ein berebjelke i norsk distriktspolitikk.

Då kan vi ikkje lenger – som eitt av dei siste landa i Europa – ha ein sær-straffeskatt på lokalt eigarskap av bedrifter kontra utanlandsk: Formuesskatten på arbeidande kapital.

Dei siste 2–3 åra har det blitt stadig meir fornuftig, sett med eit «kaldt blikk utanfrå», for ei distriktsbedrift med små marginar og ein evig kamp for å halde hovudet over vatnet, å skaffe seg utanlandske eigarar framfor norske.

Det kjem av at særskattane på norsk lokalt eigarskap av bedrifter kontra utanlandsk eigarskap, i praksis har blitt dobla på tre år. Det er med andre ord ein villa politikk frå dagens Ap/Sp-regjering, heia fram av SV og Rødt. Ein ny studie syner at Noreg no har den høgaste samla eigarbeskatninga av noko land i OECD.

Overalt kor eg for tida reiser i Noreg og besøker bedrifter, i by og bygd, er fortvilinga over dette stor. Det handlar ikkje om at dei mange «små bedriftseigarane» er uroa over om dei sjølve skal ha til salt i grauten. Dei klarer seg – personleg. Men pengane dei før har kunna bruke til å utvikle bedrifta, investere i framtida, hjelpe lokale grunderar eller sponse det lokale idrettslaget – dei forsvinn no i staden inn som skatt til Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sitt Finansdepartement i Oslo.

I lengda går ikkje dette. I lengda kan ikkje bedrifta overleve viss ho stadig blir tappa for framtidskapital for å dekke ei stadig høgare skatterekning til ein stadig større stat. Og viss ikkje bedriftene overlever, så handlar det ute i distrikts-Noreg om noko mykje meir: Det handlar om lokalsamfunnet, framtida og livskrafta.

Eg har det siste året følgd nøye med på kampen småbedriftseigar Lars Oscar Fossen Øvstegard frå Ørsta har ført for å få prøvd rettsleg grunnlaget for dagens formuesskatt, ut frå at pengane som trengs for å betale den i teorien personlege formuesskatten, for mange ikkje er pengar som finst under madrassen eller på ein bankkonto, men er teoretiske verdiar som må tappast ut av den bedrifta som er så uheldig ikkje å ha tilpassa seg dagens Ap/Sp-regjering og skaffa seg utanlandske eigarar.

Eg er ikkje jurist, og skal ikkje felle nokon dom i saka. Men ein ting er sikkert: Lars Oscar frå Ørsta har treft ein nerve som gjer at han har fått støtte frå fortvila folk i same situasjon frå heile landet – og reist ein debatt om formuesskatt på arbeidande kapital som ikkje lenger kan avfeiast med at det er «milliardærar som sutrar». 

Endringane vi skal gjennom i næringsliv og samfunn i Noreg dei neste 10–20 åra, er enorme. Vi kjem til å trenge både dagens bedrifter og eit mangfald av nye bedrifter for å erstatte ein olje- og gassektor som vil bli bygd ned.

Difor er det prisverdig at dagens regjering har sett seg som mål at Noreg skal bli verdas beste land å starte og drive bedrifter i. Det er viktig for heile landet – og ikkje minst viktig for distrikts-Noreg.

Men skal det målet bli nådd, kan vi ikkje lenger skatte dei lokale eigarane i hel, og føre ein politikk som gjer at stadig meir privat kapital flyttar ut og stadig fleire norske bedrifter blir selde ut av landet.

Nok er nok. No hastar det med å kutte formuesskatten på arbeidande kapital.

Les også..

Kommunedirektør Øivind Næss Foto: Arne G. Perlestenbakken

Øivind Næss på plass

57 år gamle Øivind Næss tiltrådte som kommunedirektør i Sør-Aurdal ...

Bygdekino – torsdag 12. februar

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen Ungdomslag ønsker velkommen til bygdekino på Nordre Lokalet ...
Klikkbar logo til Hedda Hytter

Åpen dag hos Hedda Hytter

ANNONSE: Fredag 20. februar har vi åpen dag i Hedalen. ...
Flere slike utbedringer nord for Hedalen stavkirke

To fylkesveger i Sør-Aurdal får utbedring i ny fylkesvegplan

Innlandet fylkeskommune har vedtatt Handlingsprogram for fylkesveger 2026–2029. For Sør-Aurdal ...

Leilighet til leie i Åsli

ANNONSE: Lys og åpen kjellerleilighet på ca. 50 kvm. Leiligheten ...
Tomta for Nye SAUS

Vil bygge Nye SAUS for 90 til 100 elever

Kommunestyret i Sør-Aurdal vedtok torsdag å gå videre med planer ...