Solfrid ved utlånsautomaten. Foto: Privat

Har innført meirope bibliotek i Bagn

Publisert av Arne Heimestøl 02.09.2024. Sist oppdatert 28.08.2024.

Meirope bibliotek vil seie at ein kan bruke biblioteket også før og etter den ordinære opningstida. Ordninga er lagt til rette for sjølvbetening.

Kven?

Tilbodet gjeld for alle registrerte låntakarar over 18 år. Barn kan nytte tilbodet om det/dei kjem i følgje med foreldre/føresette som har ansvar for barnet/barna.

Tilbodet gjeld òg for lag og foreiningar som ynskjer å bruke biblioteklokalet til møte. Før ein kan ta i bruk dette gratistilbodet, må ein skrive kontrakt.

Biblioteklokalet blir ikkje stengt for andre i samband med møte, så her må ein ta omsyn til kvarandre.

Frå opninga av tilbodet tysdag 27. august
Foto: Solfrid Olmhus

Kvifor?

Meirope bibliotek let folk bruke tid på biblioteket når det passar dei best – i tidsrommet 07.00–22.00 – alle dagar, heile året.

Korleis?

  • Før ein kan nytte tilbodet, må ein signere ei kontrakt.
  • Lånekortet og pin-koden er personleg.
  • Du låner og leverer bøker ved å bruke utlånsautomaten. Rettleiing på skjermen viser deg korleis du gjer dette.

Les meir på nettsida til biblioteket.

Les også..

Kino

BEKKJENTGJØRELSE: HUL ønsker velkommen til bygdekino på Lokalet torsdag 8. ...

Førstehjelp

Et aktivt friluftsliv innebærer innimellom større og mindre skader. Da ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Åpen dag

Hedalen kunst- og husflidslag inviterer til åpen dag på Hedalen ...

Selvhjelpskonsert på Lokalet

– Så stas å få lov til å komme tilbake, ...

291 personer mottar uføretrygd i Sør-Aurdal

Ved utgangen av juni mottok 291 personer uføretrygd i Sør-Aurdal. ...
Hedalen helselag ny logo

Nytt om søk i Nasjonalbiblioteket, webinar fra Slekt og data, bli med!

BEKJENTGJØRELSE: Torsdag 8. oktober på Kroken kl. 10.00–13.00. Ta med ...