Sørlibakken Foto: Arne G. Perlestenbakken

Spennande tiltak i Sørlibakken

Publisert av Arne Heimestøl 18.08.2024. Sist oppdatert 16.08.2024.

I 2022 kjøpte Bodil Øyhus Pihl og Lasse Pihl eigedommen Sørlibakken, som ligg ca. 1 km nord for Hedalen barne- og ungdomsskole. Eigedommen er på 996 dekar. 13,5 dekar er dyrka mark, og 12,5 dekar er innmarksbeite.

Sist laurdag stilte Verne–Vøla og bygdefolk på dugnad i Sørlibakken.

Eigedom med mikrohus

Bodil og Lasse har levert innspel til arealplanarbeidet som no er i gang i Sør-Aurdal kommune. Her har dei teke til orde for at området mellom anna skal kunne brukast til bustadformål med mikrohus.

– Vi veit at fleire i Hedalen som kan tenkje seg å bu slik deler av livet, ikkje har funne seg tomter. Vi trur òg det kan vere interesse for kortidsleige av små bustadar eller hytter sentralt i bygda.

Paret ynskjer å ta vare på og restaurere dei gamle husa som står på eigedommen. – Vert mikrohus ein realitet, så vil dette påverke både hage og låve. Dette er ressursar som kan bli delt mellom fleire menneske som får tilknyting til staden.

Husa i Sørlibakken

Våningshuset må totalrenoverast. Det kjem til å koste, for her er det mykje å ta tak i. – Målet vårt er at huset skal vere klart til innflytting innan 8–10 år.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Våningshuset Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Kokehuset som har vore innpakka i skog, og som har til dels har mista kontakten med fundamentet, ynskjer vi òg å restaurere. Det same tenkjer vi om veslestugu/størhuset. Kanskje kan dette bli ei av mikrohyttene? seier paret.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Vetle, Lasse og Olav Kristian ved kokehuset
Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Låven står fint, men har behov for vedlikehald av fundament og låvebru.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Låven
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Mitt Sør-Aurdal SA har gjennom sitt arbeid med Lys i Gamle Hus, som er eit prosjekt i Fortidsminneforeningen, undersøkt kva som er mogleg å få til i Sørlibakken. Vi har sett på moglegheiter for at låven kan blir brukt som ein samlingsplass og eit nyttebygg for innbyggarar i mikrohusa på eigedommen. Det har ført til at låven har vore på teiknebrettet til ein arkitekt. – Teikningane står eigarane fritt til å bruke, fortel Olav Kristian Huseby i Mitt Sør-Aurdal.

Stormskader

Vinterstormane i 2021 og 2022 gjorde ugagn i Sørlibakken òg. Stormskada skog er for det meste rydda bort.

Matproduksjon

Bodil og Lasse har laga hugelbed i staden for å pløye i eit jordstykke. Her har dei produsert poteter med godt resultat.

I år har dei forsøkt samplanting av vekstar som potet, erter, polinerande blomstrar, kål, lauk og urter. – Så langt vekst desse plantane godt, men det gjer ugras som har møtt liten motstand òg, fortel Bodil.

Storfe frå ein annan gard i bygda har beita på jorda. Dei held kratt og gras nede. – Vi har også hatt tankar om eigne beitedyr – kanskje geiter, fortel paret.

Dugnaden

– Verne-Vøla kom inn som interessert i å kunne ha ein dugnad i Sørlibakken i Hedalen etter at eg som bygningsvernrådgjevar for Valdres hadde hatt ei synfaring der for eit par år sidan. Dette fortel Odd Arne Rudi.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Bygningsrådgjevar Odd Arne Rudi, Bodil Øyhus Pihl, Lasse Pihl og styreleiar i Verne–vøla, Ingvild Kvissel Melbye
Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Valdresmusea, gjennom mi stilling, kan bidra med eit gratis dagsverk per prosjekt til private huseigarar. Dette gjeld for eldre bygningar av alle slag. Så det er berre å ta kontakt for alle som ynskjer ei heilt uforpliktande synfaring!

Verne-Vøla

– Eg er også med i styret i Verne-Vøla, og slik så var det etter forslag frå meg at Verne–Vøla kom til å ha dugnad her. Me prøver å ha ein slik type dugnad kvart år. Dette skal vera ein lågterskel aktivitet som alle kan vera med på, seier Rudi.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Odd Arne Rudi
Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Det kan vere, slik som her, alt frå rydding av småskog og hus, til graving og riving. Det kan også bli utført enklare handverkaroppdrag. Dugnaden er også tenkt som ein viktig sosial møteplass, slik så er ei god matstund eit kjærkome innslag. Denne dagen diska Bodil opp med vassgraut, heimebaka brød, spekemat og syltetøy, noko alle sette stor pris på!

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå matserveringa
Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Verne–Vøla er opptekne av å spreie aktiviteten sin over heile Valdres, og då kom Sørlibakken som eit hyggeleg alternativ med positive og engasjerte eigarar som, etter det me oppfattar, ynskjer å ta vare på plassen på ein god og antikvarisk måte, samstundes som dei ynskjer å ta han i bruk.

– Verne-Vøla ynskjer seg engasjerte huseigarar over heile Valdres, og at flest mogleg av vår felles bygningsarv vert teken vare på.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Totalt møtte 14 personar på dugnad
Foto: Arne G. Perlestenbakken

– Gamle bygningar inneheld mykji tradisjon- og tradisjonshandverk og teknikkar ein ikkje skal kimse av. Desse bygga er bygd for å vare. Sørlibakken har i tillegg fire av husa fortsatt i hevd, noko som fortel oss mykje om historia og kulturen som har funne stad der. Levande bevis på det som har funne stad, meinar eg har ein unik verdi, mot for å berre lese i tekst og bilete, skriv styreleiar i Verne–Vøla, Ingvild Kvissel Melbye i e-post til Hedalen.no

Les også..

Saubekken

Foreningen Hedalsfjella – del 1

«Det udelte fjellet» – «Styret for Hedalsfjella» – «Fjellstyret» «Foreningen ...
Hedalen stavkirke

HøymesseBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til nyttårshøymesse i Hedalen stavkirke 1. nyttårsdag kl. 12.00. ...
Aktørene

Nyttårskonsert i Begnadalen kirkeBEKJENTGJØRELSE 

Det blir nyttårskonsert i Begnadalen kirke, tirsdag 31. desember klokken ...
Stemning ved Melodden

Villmarksleirskole i Vassfaret

Ekteparet Harry og Grete Østerås var leirskolelærere på Søbekkseter leirskole ...
Ziba og Marit

Luke 24 – julehilsen fra meg og Ziba

Julekalenderen har blitt en fin tradisjon, syns jeg. Gjennom 23 ...
Freddy Vasques og Tord Grythe fra Prosess Automasjon AS. Foto: Arne Heimestøl

Fluoridsaken ved Hedalen vannverk løst

Hedalen vannverk forsyner skolen, barnehagen, Hedalsheimen og boligfeltene Skolehagen og ...