Cato og Henning Foto: Arne Heimestøl

Denne nypremieren må du få med deg!

Publisert av Arne Heimestøl 10.04.2024. Sist oppdatert 13.04.2024.

Det blodige bryllaupet på Dale i Vestringsbygda for 200 år sidan vart dokumentarteater på Hilme-stemnet i fjor. No vert det nypremiere på stykket «Eg er Tølleiv» på Nordre Lokalet i Hedalen laurdag 13. april klokka 19.00.

Måndag var vi innom Lokalet. Der var skodespelar Cato Skimten Storengen og spelemann Henning Andersen i gang med øvingar til framsyninga.

Teaterstykket vert i tillegg til premieren i Hedalen vist for fem ungdomsskolar i Valdres, for innsette på Slidreøya i tillegg til tre opne framsyningar i Vang, i Røn og på Trykkeriet på Fagernes.

Arvestrid og drap

– Handlinga i stykket tek utgangspunkt i ei hending i Vestringsbygda i 1823, fortel Cato. – Det var eit bygdesamfunn prega av fattigdom etter napoleonskrigar i Europa, samtidig som ein opplevde stor vekst i folketalet. Det å eige jord var svært viktig.

– Kjørstaddrapet tek utgangspunkt i ein arvestrid rundt garden Kjørstad. Striden enda med at to brør vart drepne i eit bryllup. Drapsmannen hadde fått feste på garden og går fri etter ugjerninga.

Foto: Anders Lillebo
Foto: Anders Lillebo

Tølleiv

Kven var Tølleiv Revkling som du speler i stykket, Cato?

– Tølleiv var ein av dei to brørne som mista livet i bryllupet. Han meinte at han hadde rettmessig krav på Kjørstadgarden, men eigaren ville ikkje at Tølleiv, som var kjend som ein bråkmakar og ei slåsskjempe, skulle få ta over. I teaterstykket, som er skrive av Alice Gudheim, prøver vi å nyansere bildet av kven Tølleiv var.

Foto: Anders Lillebo
Foto: Anders Lillebo
Eg er Tolleiv
Cato Skimten Storengen og Henning Andersen. Ragnhild Lund har regien.
Foto: Anders Lillebo

Litt hedalsdialekt òg

Kva for språkform vert stykket framført på?

– Vi har lagt oss på rein nynorsk med valdresklangbotn. Hedalsdialekten kjem fram når Henning og eg speler to sladredamer i bryllaupet, fortel Cato.

Foto: Anders Lillebo
Foto: Anders Lillebo

– Kjenner meg heime

Og nypremieren er lagt til Lokalet?

– Ja, og det gler eg meg over at vi har fått til. Eg kjenner meg heime der, og det er alltid naturleg for meg å få spelt det eg lagar på Nordre Lokalet. I tillegg til at eg har sterke emosjonelle band til huset, er det ei fantastisk intim scene som det er godt å spele på der, seier Cato.

Slik bestiller du billett(ar)

Send SMS til Cato på mobil 47 75 54 92.

Les også..

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 4

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 går cand. philol. Harald ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Invitasjon til kurs i brodering – korssting for nybegynnere. Alder: 14–25 år

BEKJENTGJØRELSE: Er du nysgjerrig på brodering og har lyst til ...
HIL-logo

Telenorkarusellen

BEKJENTGJØRELSE: HIL arrangerer Telenorkarusellen med renn og skileik på stadion ...
HIL-logo

Onsdagsrenn 11. februar 2026

Klubbrennet onsdag denne uka ble arrangert i klassisk stil med ...
Kamilla

Stress, søvn og skjerm

På Helsenorge kan vi lese at stress er kroppens reaksjon ...

Enebolig til salgs

ANNONSE: Enebolig med fin beliggenhet og gode solforhold i et ...