SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Skal rette opp lovbrot – bryt eige reglementLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 23.03.2024. Sist oppdatert 22.03.2024.

Ordførar Marit Hougsrud har kalla kommunestyret inn til ekstraordinært møte torsdag 11. april. I dette møtet skal dei folkevalde truleg ta stilling til kvar Sør-Aurdal ungdomsskole skal halde til – fram til nytt eller reparert skolebygg er på plass.

SAUS har nytta dei gamle skolelokala til Begnadalen barneskole etter at «Hans» førte til omfattande flaumskadar på ungdomsskolen i Bagn. Måndag 12. mars kunngjorde Sør-Aurdal kommune stenging av Begnadalen skole.

Dagen etter opplyste kommunedirektøren at kommunen hadde motteke eit brannteknisk notat frå SOS Brannconsult, og vi fekk vite at det var med omsyn til branntryggleik at bygningsmassen var stengd.

Det spesielle no er at saksdokumenta til møtet 11. april, ikkje vert publiserte før måndagen før kommunestyremøtet.

Vi siterer frå reglementsheftet kommunestyret har vedteke:

«Innkalling til ordinære møter i kommunale organer skal følge kommunelovens § 11-3. Innkallingen til ordinære møter skal inneholde møtetidspunkt, møtested, sakliste og saksinnstillinger. Møteinnkallingen legges ut på politikerportalen og kommunens hjemmeside. I tillegg sendes e post med informasjon om at sakene ligger ute, denne sendes medlemmer og de første aktuelle varamedlemmer (i forhold til det enkelte partis representasjon i organet). Saksdokumenter skal utsendes minst 7 dager før møtet skal finne sted.»

Etter vårt syn gjorde kommunen ein tabbe då SAUS vart flytta til skolelokale i Begnadalen som viste seg å ha alvorlege manglar – manglar som hadde vore der i lang tid.

Vi har ikkje råd til fleire feil. No må alle som ynskjer det, få tid til å setje seg inn i saka som kjem frå kommunedirektøren. Det gjeld ikkje minst elevar, føresette og tilsette som skal leve med ei skoleløysing som venteleg kjem til å vare i minst to år til.

Dei folkevalde må òg få tid til å ta imot innspel og til å samarbeide om å finne løysingar som både tek omsyn til dei som er råka – men også andre tenestetilbod og dei økonomiske rammevilkåra kommunen har.

Les også..

HIL-logo

Mandag 17. august

BEKJENTGJØRELSE: G/J 8: Hedalen–Øystre Slidre Kampstart kl. 18.00 Kiosken er ...

Iren Reppen tilbake til Hedalen med «Sexy nok»

Lørdag 3. oktober kommer Iren Reppen tilbake til Lokalet i ...

Daniel og skriften på veggen

YTRING: Del 2: Vårherre var heller ikke nådig mot Moses, ...

Arti på Toten, amma!

Fylkesleir 4H Oppland. 6. til 9. august arrangerte 4H Oppland ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Aktivitetsplan

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag har laget aktivitetsplan for høstsemesteret ...

Bærnytt 4

Moltesesongen er på hell, men fortvil ikke – nå er ...