Skrukkefyllhaugen. Foto: Bjarne Berg

Kåra til Noregs artigaste stadnamn

Publisert av Arne Heimestøl 03.01.2024. Sist oppdatert 02.01.2024.

– Folket har talt! Skrukkefyllhaugen i Sør-Aurdal (Innlandet), tett ved grensa til Flå (Buskerud), er det artigaste stadnamnet i Noreg. Dette skriv Kartverket.no.

Etter eit par veker med røysting vann den segnomspunne staden Skrukkefyllhaugen Kartverket sin uoffisielle stadnamn-konkurranse.

Dei 16 finalistane i stadnamnkokurransen

Skrukkefyllhaugen. Foto: Bjarne Berg
Skrukkefyllhaugen
Foto: Bjarne Berg
  • Moroskyldmyra (Stange)
  • Setersetersetra (Heim)
  • Der bikkja beit mannen (Risør)
  • Stortissvatnet (Lierne)
  • Grjotfljått (Eidfjord)
  • Nettopp (Gjøvik og Ringsaker)
  • Ururlekråi (Årdal)
  • Kukkeluren (Stad)
  • Skeivstøvelbråtan (Ringerike)
  • Skrukkefyllhaugen ( Flå/Sør-Aurdal)
  • Møkkalasset (Fredrikstad, Bodø, Frogn m.fl.)
  • Spermbanken (Nesodden)
  • Gamleeriken (Indre Østfold)
  • Skvettevatnet (Lærdal)
  • Natronbekken (Sør-Aurdal)
  • Fredagshølet (Hvaler)
Skrukkefylla. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Vatnet Skrukkefylla ligg nedanfor Skrukkefyllhaugen
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Historikk

Skrukkefyllhaugen er ein av dei mest kjende buplassane i Vassfaret. Plassen vart rydda omkring 1850 av Østen Olsen Dølveseie og Marit Bjørke. 

Haugen ligg like ved vatnet Skrukkefylla – eit godt fiskevatn. Her kunne ein enkelt fylle fiskeskrukka (ei neverskrukke til å ha fisk i). Slik fekk vatnet og haugen namna sine.

Her er ei fiskeskrukke av nyere dato. Den er laga Gunhild Synnøve Aspholt. Foto: Sigrid Haugen
Her er ei fiskeskrukke av nyare dato. Ho er laga Gunhild Synnøve Aspholt. Foto: Sigrid Haugen
Berte Skrukkefyllhaugen. Foto: Johan Brun
Berte Skrukkefyllhaugen. Foto: Johan Brun

Den siste fastbuande, og vel mest vidgjetne innbyggjar i Vassfaret, Berte Skrukkefyllhaugen, budde her på plassen fram til slutten av 1800-talet. 

Då Berte og familien ynskte å flytte tilbake til Vassfaret etter nokre år i Hallingdal, vart fattigkommisjonen i Søndre Aurdal redde for å få dei som utgiftspost i rekneskapen sin, og reiste like godt innover til Vassfaret og sette elden på stova på Skrukkefyllhaugen.

Skogen på haugen vaks seg stor, og det einaste som etter ei stund var att, var ei grop i bakken der stova til Berte hadde stått.

Nytt liv på Skrukkefyllhaugen

I 2005 overtok Marit Stensrud og Bjarne Berg eigedommen. Dei søkte om løyve til å setje opp igjen gamle tømmerhus på haugen.

I 2012 vart stova sett opp. Ho står på same plassen som den opphavelege stova var plassert. Sommaren 2013 kom ein gammal låve på plass, og året etter vart det sett opp eit lite hus på fjøstomta.

Tunet på Skrukkefyllhaugen er no rydda og slik ein trur det var då Berte Skrukkefyllhaugen budde her. Staden har vorte ei perle i Vassfaret med flott utsikt til Skrukkefylla og fjella på Hallingsida av Vassfaret.

Ein viktig møteplass

Dei siste åra har Vassfaropplevelser, som vert drive av Stensrud og Berg, arrangert Vassfardagar i samarbeid med Hedalen kulturforum. Dette har vorte svært godt besøkte arrangement.

På desse dagane er vegbommane mellom Flå og Vassfaret opne. Det har gjort at Skrukkefyllhaugen har vorte ein viktig møteplass i villmarksområdet Vassfaret.

Når plassen ikkje er oppteken med forskjellige arrangement, er det mogleg å leige Skrukkefyllhaugen for den som ønskjer ei natt eller ei helg i Vassfaret. Det passar fint om du er på fottur gjennom Vassfaret og treng tak over hovudet for ei natt. Eller om det er noko du skal feire, då høver Skrukkefyllhaugen perfekt.

Fra vassfardag på Skrukkefyllhaugen
Frå vassfardag på Skrukkefyllhaugen
Foto: Arne G. Perlestenbakken
Foto: Arne G. Perlestenbakken
Naturrettleiar, og no hedøl, Bjørn Henrik Stavdal Johansen, fortel om norske rovdyr på Vassfardagen 2023.
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Les også..

Foto: Arne G. Perlestenbakken

Bautahaugens venner tildeles Kulturprisen

Under åpningen av sommersesongen 2024 på Bautahaugen hadde ordfører Hougsrud ...
Kulturfestival 2024

Hedalen Kulturfestival fyller 5 år!

Hedalen Kulturfestival fyller i år 5 år, og vi gleder ...
Tinestafetten

Tinestafetten 2024

Det ble tett på skoleslutten, men vi fikk arrangert Tinestafetten ...
Vannverket i Hedalen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vannverksaka på NRK

Onsdag og torsdag var det oppslag om vannverksaka i Hedalen ...
Lørdagssamlinga på Bautahaugen var godt besøkt. Foto: Arne Heimestøl

Bautahaugen samlingerBEKJENTGJØRELSE 

Valdresmusea informerer om sommerprogrammet på Bautahaugen samlinger. Les informasjonssida her.
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Ønsker å gi tilbud til flere

Tirsdag 11. juni fikk kulturskolens elever vise fram noe av ...