Hedalsheimen i Brunbakklia. Foto: Dagfinn Heimestøl

Brukaren i sentrumLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 07.12.2023. Sist oppdatert 05.12.2023.

Torsdag 14. desember skal kommunestyret i Sør-Aurdal behandle saka Boligbehov fram mot 2050 – omsorgsboliger, omsorgsboliger med heldøgnstjenester og institusjonsplasser.

I saksframstillinga les vi at det i 2050 vil vere behov for totalt 65 plassar/bustadar med heildøgns omsorgstenester i kommunen.

Kommunedirektøren vil samle fleire tenester i større bygg og i kommunesenteret. For Hedalen sin del vil det bety at tilrettelagd teneste på Hellerud med fire plassar og demenstilbodet på Hedalsheimen med fem leilegheiter vert lagde ned.

Det er òg foreslått å erstatte den eldste delen av Hedalsheimen bo- og servicesenter med eit nytt bygg. Etter ei eventuell ombygging vil det totalt vere att 10 leilegheiter. I dag er det 19. Dette heng dårleg i hop med at behova for slike leilegheiter vil vekse i åra som kjem.

Kommunedirektøren grunngjev endringane med det i åra som kjem, vert fleire mellom anna eldre som potensielt treng helsetenester, og at det er – og vil vere – vanskeleg å rekruttere nok helsepersonell.

At ein må sjå nøye på behov for, og samlokalisering av nokre tenester, har vi forståing for. Men at ein skal samle alle tenester på det nest øvste trinnet i innsatstrappa i kommunesenteret, har vi liten sans for. Og då legg vi til at vi ikkje tek til orde for å lage ei sjukeheimsavdeling i Hedalen.

Vi meiner at demenstilbodet ved Hedalsheimen bo- og servicesenter er eit godt tilbod som bør vidareførast. Når, og om, det vert behov for det, er det naturleg å vurdere utviding av tilbodet på same trinn i innsatstrappa.

Omsorgstrappa
Innsatstrappa

Frå notatet «Heldøgns omsorg 2020» frå Kommunenes sentralforbund og Helse- og omsorgsdepartementet:

«Helse- og omsorgstjenesten bør som et grunnleggende utgangspunkt se den enkeltes behov for helse- og omsorgstjenester sammen med dennes ønske om for eksempel sosialt fellesskap, nærhet til familie og venner, og aktiviteter.»

Hedalsheimen bo- og servicesenter er ei perle i natur- og dugnadsbygda Hedalen.

Tilboda på heimen er for alle innbyggarar i Sør-Aurdal som etter søknad får tildelt plass. Dei fleste som bur her, er likevel frå Hedalen og Begnadalen, og oftast er alle 19 leilegheitene fylte opp.

Det har vorte hevda at det er vanskeleg å skaffe nok personell til helsetilboda i ytre del av kommunen. Vi trur kommunen har noko å lære av Fekjær psykiatriske senter. Her er det nær 60 arbeidsplassar, og utdanningsnivået er svært høgt.

Kommunen bør i større grad framsnakke Hedalen og det denne delen av kommunen har å by på. Det vil tene bygda, men òg resten av kommunen.

Saka kommunestyret no skal behandle, har skapt ny uro. Den uroa står i kontrast til gleda fleire kjende då dei las «Temaplan Helhetlig boligplan Sør-Aurdal kommune 2022–2030». Her blir område i både Bagn og Hedalen definert som sentrumsområde:

«Fortetting i sentrumsområdene i Bagn og Hedalen og nye boligkonsepter, kan være en del av løsningen for at vi best mulig kan legge til rette for at folk kan bo lengre hjemme og klare seg mest mulig på egenhånd.»

Hedalsheimen, Fjellsyn til Hedalen helselag med fire leilegheiter og dei fire leilegheitene Vassfarbygg har fullført, kan vel vere eksempel på dette.

Sentrum i Hedalen
Sentrum i Hedalen. Illustrasjon henta frå planen vi viser til ovanfor.

Den dagen det vert aktuelt å flytte til Hedalsheimen, bør det både vere nok leilegheiter der og tilbod som dekker fleire behov i innsatstrappa.

Les også..

Melodden

Reisebrev fra onkel reisende Mac

Hedalen. Et sted blant mektige fjell og dype daler. Hvor ...
Salto logo

Velkommen!BEKJENTGJØRELSE 

Salto på Kroken / i grillhytta torsdag 28. nov kl. ...
Sauer Foto: Arne Heimestøl

Trenger hjelp til å finne et lamSAVNET LAM 

De siste to ukene har det vært observert et lam ...
Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Næringslivskveld på Bagn 28. novemberBEKJENTGJØRELSE 

Torsdag 28. november kl. 19.00 inviterer vi sammen med Wold ...
Utdeling av kulturprisen Foto: Arne Heimestøl

Ordførerens tale ved utdeling av kulturprisen

Kulturprisen ble opprettet i 1978 etter forslag fra det som ...

Ordførerens tale ved utdeling av idrettsprisen

Idrettsprisen ble delt ut første gang i 2007 og har ...