Kommunestyret

Meir demokrati i Sør-Aurdal kommune?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 02.12.2023. Sist oppdatert 01.12.2023.

Kommunen har lagt årsbudsjett for 2024 og økonomi- og handlingsplan for 2024–2027 ut til offentleg ettersyn. Kommunestyret skal behandle denne saka torsdag 14. desember.

Budsjett-tal vert lagde fram på sektornivå. Det er fem slike sektorar i kommunen vår:
politiske styringsorgan, sentraladministrasjonen, oppvekst og kultur, helse og omsorg og plan og teknisk.

Det er på dette nivået kommunedirektøren har foreslått at kommunestyret skal gjere vedtak. Det folkevalde organet og allmenta får altså ikkje i sjå budsjettforslag for nivåa under, for eksempel Sør-Aurdalsheimen og Hedalen barne- og ungdomsskole.

Kommunalsjefane vil ha hovudansvaret for å fordele sekkepostane ut på kvart undernivå etter at kommunestyret har sagt sitt. Kommunedirektøren vil få fullmakt til å overføre pengar innanfor kvar sektor, men ikkje mellom sektorane.

Vi har samanlikna budsjettframlegget i Sør-Aurdal med Nord-Aurdal kommune sitt årsbudsjett for 2024 og økonomiplan 2024–2027, og vi spør oss om kommunen vår har noko å lære av den største kommunen i Valdres.

  • For det første er økonomiplanen for Nord-Aurdal på 73 sider samla i eitt dokument. Det er mogleg å lese det på nettet, og ein kan skrive det ut. Sør-Aurdal kommune sin plan er publisert i dataverktøyet Framsikt.
  • For det andre har dokumentet i Nord-Aurdal ei innhaldsliste og kommunedirektørens oppsummering av planen. Dette lettar arbeidet med å finne fram, og det viktigaste kjem først.
  • For det tredje vert det i Nord-Aurdal invitert til å gjere budsjettvedtak både på overordna nivå og på 13 verksemdsområde. Tre eksempel på verksemdsområde: kultur, tilrettelagde tenester og Nord-Aurdal ungdomsskule.)
  • Vidare vert kommunestyret i Nord-Aurdal invitert til å vedta stillingsramme på dei same 13 verksemdsområda.
  • Så set økonomiplanen i Nord-Aurdal mål om at sjukefråværet i 2024 skal kome under 7 %. Eit slikt mål finn vi ikkje i planen til Sør-Aurdal. (Sjukefråværet i Sør-Aurdal er etter 2. tertial 2023 på 9,49 %.)

Oppsummert: Vi meiner Nord-Aurdal kjem betre ut enn Sør-Aurdal.

I innleiinga til økonomiplanen i Sør-Aurdal skriv kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen mellom anna dette:

«Når det gjelder økonomi og handlingsplanen 2024–2027 og kommende års budsjett kan kommunedirektøren med hånda på hjertet si at han aldri i sine godt ti år i kommunalt virke har vært med på et vanskeligere budsjettarbeid enn denne gang.»

Vår påstand er at budsjett- og økonomiplanen dei folkevalde har fått, heller ikkje er så enkel å ta tak i. Noko ansvar for dette har det førre kommunestyret som etter vårt syn har delegert for mykje. Dei folkevalde får no både for lite – og for fragmentert detaljkunnskap til å setje seg godt nok inn i saka dei skal behandle.

Det er kommunestyret som bestemmer kva for nivå dei vedtek budsjetta på – og på kva for detaljnivå dei ynskjer å få budsjett og økonomiplan presentert på.

Administrasjonen legg fram dokumentet på den måten dei meiner politikarane ynskjer det, og då må vi kunne forvente at dei folkevalde gjev tilbakemelding viss det er noko dei vil ha endra.

Vi meiner det er bra for kommunen vår om kommunestyret får siste ordet i fleire saker og på fleire nivå.

Les også..

Saubekken

Foreningen Hedalsfjella – del 1

«Det udelte fjellet» – «Styret for Hedalsfjella» – «Fjellstyret» «Foreningen ...
Hedalen stavkirke

HøymesseBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til nyttårshøymesse i Hedalen stavkirke 1. nyttårsdag kl. 12.00. ...
Aktørene

Nyttårskonsert i Begnadalen kirkeBEKJENTGJØRELSE 

Det blir nyttårskonsert i Begnadalen kirke, tirsdag 31. desember klokken ...
Stemning ved Melodden

Villmarksleirskole i Vassfaret

Ekteparet Harry og Grete Østerås var leirskolelærere på Søbekkseter leirskole ...
Ziba og Marit

Luke 24 – julehilsen fra meg og Ziba

Julekalenderen har blitt en fin tradisjon, syns jeg. Gjennom 23 ...
Freddy Vasques og Tord Grythe fra Prosess Automasjon AS. Foto: Arne Heimestøl

Fluoridsaken ved Hedalen vannverk løst

Hedalen vannverk forsyner skolen, barnehagen, Hedalsheimen og boligfeltene Skolehagen og ...