Skogskoie ved Nevlingdammen

Skogskoier er ein viktig del av skogbrukshistoria i Sør-Aurdal

Publisert av Åse Østgård Hagen 12.10.2023. Sist oppdatert 10.10.2023.

Sør-Aurdal Historielag vedtok på årsmøtet i 2019 å samle stoff om og bilder av dei mange skogskoiene i kommunen.

Tanken var at dette kunne bli utgitt i form av ei bok om nokre år. No, i oktober 2023, er arbeidet kome langt.

Ca. 180 skogskoier over heile kommunen er registrert og teke bilder av, med godkjenning av eigarane.

Berre nokre få står att å registrera, og det håper vi skal vera på plass innan snøen kjem.

Leiaren og primus motor i dette prosjektet, Anette Hougsrud, er svært interessert i gamle bilder, og ikkje minst, historier om skogskoier som kan brukast i boka som er under planlegging.

Ta kontakt med Sør-Aurdal historielag om du trur du har noko å bidra med til skogskoie-prosjektet vårt!

Anette Hougsrud er leiar i skogskoieprosjektet
Anette Hougsrud er leiar i skogskoieprosjektet. Foto: Åse Østgård Hagen

Les også..

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 3

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 går cand. philol. Harald ...
Hedalen helselag ny logo

Syng med oss senior

BEKJENTGJØRELSE: Tirsdag 27. januar kl. 18.30. på Kroken, vi synger ...
Sør-Aurdal Energi

Nettleien uendret i 2026: Avgifter og strømbruk avgjør regningen

Sør Aurdal Energi (SAE) endrer ikke nettleiesatsene i 2026. Samtidig ...

Mellomrom – små tegn, stor forskjell

Mellomrom kan virke som en liten detalj, men feil bruk ...
Arild Haglund

El-bil – nei takk

YTRING: På Hedalen.no står følgende å lese 16.1.2026: ".Norge ligger ...
Bilde fra elgbanen

Årsmøte i Hedalen skytterlag

BEKJENTGJØRELSE: Det blir årsmøte i Hedalen skytterlag søndag 8. februar ...