Sang. Foto: Åse Østgård Hagen

Kongevegvandring

Publisert av Åse Østgård Hagen 30.08.2023. Sist oppdatert 29.08.2023.

Sundag kunne leiar i Sør-Aurdal historielag,  Åse Østgård Hagen, ynskje velkomen til dei 35 turdeltakarane som møtte opp ved Olavskjelda på Leirskogen.

Blant dei var både prosten i Valdres, Carl Philip Weisser og biskopen i Hamar bispedømme, Ole Kristian Bonden.

Mange av dei frammøtte kom direkte frå Begnadalen kyrkje der Ellen Oddveig Rudi vart ordinert til sokneprest i Reinli og Leirskogen sokn.

Liv leder an. Foto: Åse Østgård Hagen
Liv leder an. Foto: Åse Østgård Hagen

Prost Weisser og Anne Karin Eid tala ved kjelda før vi starta. Det vart ei våt vandring langs Kongevegen fram mot Leirskogen kyrkje, men vandrarane var godt rusta mot det våte været og  tok det med godt humør.

Tale ved Kjelda. Foto: Åse Østgård Hagen
Tale ved Kjelda. Foto: Åse Østgård Hagen

Ein dugnadsgjeng på Leirskogen med Liv Skaaren-Fystro som leiar, hadde gjort ein stor jobb men rydding, merking og tilrettelegging. Undervegs var det song og historier om bygda vi vandra gjennom.

Drikkestasjon. Foto: Åse Østgård Hagen
Drikkestasjon. Foto: Åse Østgård Hagen

Leirskogen sokneråd serverte god og varm suppe og kaffe og kaker i kyrkjestova då vi kom fram. Deretter gjekk vi inn i den trivelege Leirskogen kyrkje til konsert med det treffande namnet «Som en kilde klar og ren».

Prost Weisser var programleiar for kjeldekonserten og ga oss gode ord mellom musikkinnslaga med livets kjelde og livets vatn  som tema.

Vakker middelaldermusikk vart framført av Anders Løberg, Ole Kristian Nyhagen, Helena og Kristina Wright.

Bente Bråten Dokken, leiar i Leirskogen sokneråd, takka dei som hadde bidrege til kongevegvandringa og kjeldekonserten. Og kva var meir naturleg enn å dele ut ei lita flaske med vatn henta frå Olavskjelda.

Leirskogen kyrkje. Foto: Åse Østgård Hagen
Leirskogen kyrkje. Foto: Åse Østgård Hagen
Musikkinnslag. Foto: Åse Østgård Hagen
Musikkinnslag. Foto: Åse Østgård Hagen
Biskopen fekk med seg vatn frå Olavskjelda. Foto: Åse Østgård Hagen
Biskopen fekk med seg vatn frå Olavskjelda. Foto: Åse Østgård Hagen

Les også..

På grensen til allsang

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen sangkor og Hedalen musikkorps inviterer til samling på ...
Arbeidsmarkedet

Arbeidsledigheten i Innlandet fortsetter å synke

Innlandet ligger under landsgjennomsnittet i arbeidsledighet, og flere langtidsledige kommer ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Velkommen til åpen dag og salgsmesse!

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen Kunst- og husflidslag inviterer til en inspirerende dag ...
Nils Martin Sætrang

Sætrang kommenterer artikkelen om nettleie

Daglig leder i Sør-Aurdal Energi, Nils Martin Sætrang, har lest ...
Svein Erik Wold (Sp)

Wold skulle fått uttale seg før habilitetsvurdering

Torsdag 4. september behandlet kommunestyret saken Valg av tomt for ny ...
Sør-Aurdal Energi

Nytt om nettleie og Norgespris fra 1. oktober

Fra 1. oktober 2025 viderefører Sør Aurdal Energi dagens satser ...