Hedalen barne- og ungdomsskole og idrettsanlegg. Foto: Arne Heimestøl

Stor rehabilitering av Hedalen barne- og ungdomsskole

Publisert av Arne Heimestøl 18.03.2023. Sist oppdatert 17.03.2023.

Tiltaket har vore inne i økonomiplanen for Sør-Aurdal kommune i fleire år. No foreslår kommunedirektøren at prosjektet skal gjennomførast i 2023 og 2024.

To alternativ

Det er lagt fram to alternativ. Det mest omfattande prosjektet, alternativ 1, er kostnadsrekna til 19,8 millionar kroner når momskompensasjonen er teken med. Alternativ 2, som kommunedirektøren foreslår, er kostnadsrekna til 15,5 millionar kroner etter at momskompensjonen er inkludert.

Utbetring av skoleplassen er med i begge alternativa. Her skal det mellom leggjast ny asfalt.

Totalt areal for skolen er på 2 797 kvadratmeter, og bygningsalderen er frå 26 til 56 år.

Tiltaka som er foreslått

  1. Tilpasse til krav om universell utforming, så langt praktisk mogleg, både ute og inne: heis, rampar, trinnfri framkomst gjennom alle dører, HCWC, akustikk og lys.
  2. Oppfylle krav til brannsikring, rømningsvegar, brannskilje og varsling.
  3. Oppdatere og fornye det elektriske systemet, fordelingsskap, lys, kontaktar og nettverk.
  4. Generell oppussing i delar av eksisterande bygg; dører, veggar, golv og himlingar.
  5. Oppdatere eksisterande ventilasjonsanlegg med nye tilluftskanalar og byggje eit nytt, lite ventilasjonsanlegg i mellombygget.
  6. Bygningsmessige endringar og eit lite påbygg for å betre fylle krav og behov.
  7. Utgreie energisparetiltak, vurdere bergvarme/borehol som supplement til elektrisk straum.

Kostnader

Nr.Innhald i postenAlt. 1Alt. 2
1Rehab. mellombygg med rektorkontor, toalett og inngang2,3 mill.2,3 mill.
2Varm gang over til gymsal, alt. 2, berre halve vegen2,0 mill.0,9 mill.
3Nytt tilbygg med heis og møterom, litt i kjellar2,5 mill.2,3 mill.
4Nytt garderobebygg, alt. 2: berre nytt tak, dør3,2 mill.0,4 mill.
5Generell oppussing, nokre nye grupperom4,2 mill.4,2 mill.
6Oppgradering av elektro, lys3,6 mill. 3,6 mill.
7Utvendig, rampar, skoleplass, asfaltering1,7 mill.1,7 mill.
8Prosjektering, planlegging, prosjektleiing, byggeleiing2,0 mill.1,5 mill.
9Forv. tillegg, usikkerheit, 15 %3,2 mill.2,5 mill.
10Sum24,7 mill.19,4 mill.
11Kostnad for kommunen med kompensert mva.19,8 mill.15,5 mill.

Saksdokumenta

Les også..

Thomas Bye

Høyaktuell teaterforestilling på kulturfestivalen

Lørdag 3. august kl. 18.00 blir det en teaterforestilling på ...
Oddvar Gran. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Oddvars 16. dialektkviss

Oddvar sender oss fortsatt dialektord som vi kan lage kvisser ...
Vassfarplassen

Bli med Sør-Aurdal Historielag på tur til:BEKJENTGJØRELSE 

Vassfaret og Vassfarplassen lørdag 31. august 2024. Det går buss ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Bautahaugen lørdag 6. juli

Temaet denne lørdagen på Bautahaugen var plantefarging, hvilket var veldig ...
Kniv

Bautahaugen lørdag 13. juliBEKJENTGJØRELSE 

Tema: KNIVMAKING med Bjørn Michaelsen. Få med deg sommerutstillinga «Bare ...
Framdriftsplan

Mange private avløpsanlegg må oppgraderes

Sør-Aurdal kommune er i gang med kartlegging av alle private ...