Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Foto: Trond A. Isaksen

Sterk vekst i skatteinntekter i Sør-Aurdal

Publisert av Arne Heimestøl 18.02.2023. Sist oppdatert 17.02.2023.

I 2022 fekk kommunesektoren ein rekordhøg inntektsvekst, som følgje av ekstra skatteinnbetaling på nær 35 milliardar kroner. Av dette får kommunane behalde nær 23 milliardar kroner.

– Dette er gledelege tal for innbyggarane i alle kommunane i Noreg, seier statsråd Gjelsvik i Kommunal- og distriktsdepartementet.

I 2021 var skatteinntektene etter skatteutjamning for Sør-Aurdal kommune 99,942 millionar kr. I 2022 hadde desse inntektene stige til 110,190 millionar kr – ein vekst på heile 10,249 millionar kr.

Statistisk sentralbyrå informerer

Kommune-økonom Sigmund Engdal i Kommunenes sentralforbund (KS) fortel at Statistisk sentralbyrå (SSB) kvar månad publiserer ein oversikt som viser kor mykje kvar kommune har fått i skatteinntekter (inntektsskatt, formueskatt og naturressursskatt).

Kommunenes sentralforbund supplerer

Kommunenes sentralforbund (KS) lagar deretter ein oversikt med utgangspunkt i tala frå SSB, og i denne oversikten legg ein inn utrekna skatteutjamning.

Skattesvak kommune

– Skatteinntektene til kommunane varierer frå kommunene til kommune, og for å leggje til rette for at alle kommunar skal kunne tilby likeverdige tenester er det ei eiga utjamningsordning for skatteinntektene, inntektsutjamninga, der skattesvake kommunar får tilført inntekter, medan skattesterke kommunar vert trekte, seier Engdal.

Engdal legg til at skatteinntektene for Sør-Aurdal kommune blei på 85,5 millionar kr i 2022. Sør-Aurdal er ein skattesvak kommune og får gjennom inntektsutjamning tilført 24,6 millionar kr ekstra.

Rekneskapen for 2022

Årsrekneskapen for 2022 er ikkje ferdig. Spørsmålet no er om auka skatteinntekter kan bidra til at ein kjem ut med eit positivt driftsresultat. Det vil vi vite meir om i mars eller april.

Les også..

Bagn sentrum

Statens vegvesen varsler fjerning av reklameskilt ved Valdrestunet

Statens vegvesen har varslet Valdrestunet Senterforening om at et reklameskilt ...
Bærene er store nå.

Hvor godt kjenner du skogsbærene?

Norske skoger og myrer byr på viltvoksende bær. Hva vet ...
Hedalen kulturfestival

«Fire begravelser og ett bryllup» til Hedalen kulturfestival. NB! Aldersgrensen på forestillingen senkes til 13 år.

BEKJENTGJØRELSE: Lørdag 1. august gjester teaterregissør, dramatiker og teatersjef Morten ...
Brøtning fra Øvre Grunntjern til Nedre Grunntjern. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vassfarbrøtningen

Hvordan ble de veldige skogene i Vassfaret forvandlet til eksportvare? ...
Kommunedirektør Øivind Næss Foto: Arne G. Perlestenbakken

Avtale om kommunedirektørens fratreden

Arbeidsgiverutvalget i Sør-Aurdal kommune og kommunedirektør Øivind Næss har inngått ...

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet spørsmål til styret for veglaget angående vedlikehold ...