Høve boligfelt

Vil ikkje selje Høve bustadfelt til Brødrene Dokken AS

Publisert av Arne Heimestøl 12.11.2022. Sist oppdatert 11.11.2022.

I september 2020 vedtok kommunestyret at Sør-Aurdal kommune ville selje areal som er regulert til bustadformål for eigedommen 1/155 i reguleringsplanen for Høve i Reinli, om lag 18 dekar.

Arealet vart lagt ut for sal, og Brødrene Dokken AS melde interesse for å kjøpe området.

I strid med kommunestyrevedtaket

I saka som kjem opp i kommunestyret 17. oktober, les vi at Brødrene Dokken har kome med fleire ynskje til kommunen dersom selskapet skal overta området. Kostnaden ved å selje arealet vil verte på heile 3 610 000 kr før eventuelt sal av tomter og inntening av påkoplingsavgift på totalt 800 000 kr for åtte bustadtomter.

– Forhandlingane har utvikla seg til å gjelde vilkår som minner meir om ei utbyggingsavtale – og ikkje eit sal av eit område, skriv saksbehandlaren.

Saka vart behandla i formannskapen 3. november, og dei folkevalde vedtok samrøystes følgjande:

«Sør-Aurdal kommune ønsker ikke å inngå en salgsavtale av Høve boligfelt med Brødrene Dokken AS. Bakgrunnen for dette er at forhandlingene knyttet til salget av området ikke er i tråd med intensjonen Sør-Aurdal kommune hadde da området ble lagt ut for salg.»

Les også..

Lysfest

Tradisjonen tro arrangerte Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens ...
ScanAccount

Statsautorisert regnskapsfører / erfaren regnskapsmedarbeider

STILLINGSANNONSE:ScanAccount søker etter statsautorisert regnskapsfører / erfaren regnskapsmedarbeider som ønsker ...

Jul med Valdresmål og Meining

Jul med Valdresmål og Meining holder 17 konserter før jul. ...
Øivind Næss

Øivind Næss tilsatt som kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i dag, 11. desember 2025, å tilby Øivind ...

Lysmesse

Sist søndag var det lysmesse i Hedalen stavkirke ved Ellen ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Minnegave

Hedalsheimens venner takker for minnegave ved Inger Erika Holte Jensens (Minsten) ...